Mark Oliphant

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Mark Oliphant
MarkOliphantPortrait.jpg
Fødd8. oktober 1901
Kent Town
Død14. juli 2000
Canberra
NasjonalitetAustralia, Storbritannia, USA
Områdefysikk
Yrkefysikar, guvernør, kjernefysiker
InstitusjonarUniversity of Birmingham
Australian National University
Alma materUniversity of Adelaide
University of Cambridge
DoktorgradsrettleiarErnest Rutherford
MedlemRoyal Society
Australian Academy of Science

Sir Marcus «Mark» Laurence Elwin Oliphant (fødd 8. oktober 1901 i Kent Town i Adelaide, død 14. juli 2000 i Canberra) var ein australsk fysikar som spelte ei nøkkelrolle i utviklinga av atombomba. Han deltok òg i humanitært arbeid. Han sikta først på ein karriere innan medisin eller odontologi, men valte etter påverknad frå fysikkforelesaren tidleg i studia å bli fysikar.

I 1925 overhøyrte han ein tale gjeve av Ernest Rutherford og valte å søkje arbeid hos han. I 1927 vart dette oppfylt ved at han fekk ei stilling ved Cavendish-laboratoriet ved University of Cambridge som på denne tida låg lengst framme på forsking innan kjernefysikk. Oliphant sine bidrag i denne perioden var oppdaginga av helium-3 og tritium. Han observerte kjernefysisk fusjon for første gongen i 1932

Oliphant vart utnemnt til professor i fysikk ved University of Birmingham. Her arbeidde han òg med vidareutvikling av radarar. Ved utbrotet av andre verdskrigen hadde kollegaer ved universitetet i Birmingham (Otto Frisch og Rudolf Peierls) berekna at ei atombombe basert på 235uran var mogleg. Marker Oliphant vart overtydd om at det var naudsynt å utvikle ei atombombe på alliert side og øvde sterkt påtrykk både i Storbritannia og USA for å få dette arbeidet i gang. Etter åtaket på Pearl Harbor kom USA med i krigen og arbeidet med atombomba vart starta opp kort tid etter i Manhattanprosjektet. Frå november 1943 deltok Oliphant i prosjektet som medlem av den britiske delegasjonen, men konsentrerte seg om arbeidet med oppriking av uran-235. Han tok opp att stillinga som professor ved universitetet i Birmingham etter Tyskland kapitulerte i 1945.

Då atombombene vart sleppte over Japan vart motførestellingane han hadde fått mot atomvåpen i løpet av Manhattanprosjektet forsterka. I 1950 vende han tilbake til Australia og vart leiar for «Research School of Physical Sciences» ved det nyoppretta Australian National University. Han vart adla i 1959, pensjonert i 1967 og frå 1971 til 1976 var han guvernør i Sør-Australia. Marker Oliphant døydde i Canberra i 2000, 98 år gammal.

Prisar (utval)[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Mark Oliphant