Markusmesse

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Markusmesse, Markusdagen eller den store gangdagen er ein merkedag feira 25. april til minne om evangelisten Markus. På primstaven er han avmerkt med ein fjørpenn, sidan Markus brukte ein penn då han skreiv ned Markusevangeliet. Andre stader er merket eit strek med prikkar rundt, tolka som ei målestong med snø omkring.

I katolsk tid vart den store gangdagen markert med prosesjonar på markene med krusifiks og røykjelse, og prestane kunne skvette vievatn på marka. Denne skikken skal vere innført av pave Gregor den store omkring år 600 for å stoppe ein stygg pest. Denne vandringa kan minne om heidenske våropptog.

I mange kyststrok var Markusmesse tida for å så havre.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]