Havre

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Havre


Avena sativa II.jpg

Systematikk
Orden: Poales
Familie: Poaceae Grasfamilien
Slekt: Avena Havre
Art: A. sativa
Vitskapleg namn
Avena sativa

Havre (Avena sativa) er den tredje viktigaste kornarten i Noreg etter kveite og bygg[1]. Kring år 1900 hadde havre opp mot halve kornarealet i mange europeiske land pga. bruken som hestefôr. Sidan traktoren erstatta hesten i landbruket og bilen og toget i transportnæringa, har havren hatt ei hundre års nedgangstid. På grunn av si gode tilpassing til kjølege tempererte område og mangelen på alternative vekstar, har havren halde stand i Norden. I Norge dyrkar vi havre på ein fjerdedel av kornarealet[2]. Havre har gode eigenskapar, både som mat og husdyrfôr. Interessa for havre til mat er aukande på grunn av dei gunstige helseeffektane.

Havrekorn.
Foto: «Rasbak»
Avena sativa.

Slektskap[endre | endre wikiteksten]

Havreslekta  Avena tilhøyrar stamma Avenae i grasfamilien, ei heilt anna enn dei andre kornartane bygg, kveite og rug som tilhøyrar kveitestamma (Triticeae). Den opne blomsterstanden, kalla risla (sjå bilete), kjennest lett frå akset i dei andre.

Havre er ein sjølvbefruktar og sortar er reine (homozygote) liner. Havreslekta dannar ein såkalla polyploid serie med artar med 14, 28 og 42 kromosom.  Sjølv om alle i slekta har eit grunn-genom med 7 kromosom, så har dette utvikla seg ulikt i ulike artar. Vanleg havre (Avena sativa) er heksaploid med 42 kromosom, (formel 2n=6x=42). Det same har ugraset floghavre (Avena fatua). Begge har opphav i den ville arten Avena sterilis, men det er uklart om floghavre er ei forvilla form av dyrka havre eller ei særskilt grein. Kunnskapen om havrens genetikk og genom ligg langt tilbake for dei andre kornartane. Bare eit fåtal gen er identifiserte[3].

Agronomi[endre | endre wikiteksten]

Havre blir sådd om våren. Havre er spesielt godt tilpassa kjølige og tempererte klima og til mindre fruktbar jord. Den er ein låg-innsats vekst som toler jord som er vassmetta (har lite luft), er sur (låg pH) eller næringsfattig, betre enn bygg og kveite. Den har få sjukdomar felles med dei andre og ved einsidig korndyrking kan den sanere smitte. Havre har dermed ein uunnverleg plass i vekstskiftet i norsk korndyrking. Er det godt med nedbør om våren, konkurrerer havre effektivt med ugras, noko som er spesielt viktig i økologisk dyrking. Havren utnyttar også gjødsla betre enn dei andre kornartane[4].

Når havren jamt over har dålegare gjennomsnittsavlingar enn bygg og vårkveite, kjem det vel så mykje av lågare innsats. Den er ofte sådd på dårlegare jordarter, på siste plass i vekstskifta og blir mindre gjødsla[5]. Havren har nemleg lengre strå og går lettare i legde. Stråforkortande dverggen er lite brukt i havre, fordi slike sortar er meir utsette for tørke og smitte av Fusarium, ein sopp som i fuktige år kan gjere stor skade[6].  Soppen kan danne soppgifter (mykotoksin) som kan drepe kornet, sette ned spireevna og bli igjen i kornet etter hausting[7]. Soppgifter har blitt det største problemet i norsk havredyrking dei siste 10 åra, og førte til mangel på godkjent såkorn i åra 2010-13. Dette er hovudgrunnen til nedgangen i havreareala dei siste åra. Kvar kornlast levert kornmottak blir i dag kontrollert, det er sett ein grenseverdi for soppgift[8].

På grunn av havrens minkande rolle internasjonalt, er foredlings- og forskingsinnsatsen og tilfanget av nye sortar mindre. Dette gjeld ikkje i Norden, og nye norske havresortar foredla av Graminor AS er klart mindre utsett for soppgifter enn for 10 år sidan[9].

Sjukdomen kronrust  er det store problemet internasjonalt, både for avling og for kornkvaliteten. Det gjeld særleg i Midtvesten i USA og i Canada, der produksjonen mest går til mathavre. Det gjeld også i Australia og Brasil. Der er havre også dyrka som dekkvekst mot erosjon og beite om vinteren, eller til produksjon av høy.

Nærings- og helseverdi[endre | endre wikiteksten]

Havren har liksom andre gras ikkje eit botanisk frø, men ei spesiell frukt, ein karyopse, der  frøskalet er grodd saman med morplantas fruktvegg. Utanpå frukta er skalet danna av inneragna, og til saman blir dei eit «korn» i havre. I nakne havresortar fell skalet av under treskinga. Dei fleste sortar er dekte, dei må bli avskala før bruk til mat eller fôr til einmaga dyr.

Havre har etter avskaling høgare næringsverdi enn våre andre kornartar. Det høge kaloriinnhaldet på 389 kcal/100 g kjem i hovudsak av feittinnhaldet. Meir enn 80% av feittet er umetta likt fordelt på oljesyre og linolsyre. Innhaldet av oljesyre aukar i feittrike sortar og i kjølege klima[10]. Fôring med feittrik havre gir meir mjølk og reduserer det metta feittet i mjølka frå kring 60% til 45% utan endring i smak.[11] Feittrike havresortar er også spesialfôr for travhestar.

Havre har 8-15% protein, til vanleg kring 10-11%. Proteina inneheld over 80% høgverdige globulin og albumin aminosyrer, og er rike på den essensielle aminosyra lysin. Dette gjer havreproteinet nesten like næringsrikt som soya og morsmjølk. I motsetnad til dei andre kornartane, er næringsverdien like god også når avlinga aukar. Likevel går prosenten protein ned, og å foredle proteinrike havresortar har ikkje til nå blitt prioritert.  Eit finsk føretak har produsert «vegetabilsk kjøtt» basert på havre og åkerbønner [12].

Havre har dei siste 25 åra fått ry som god for helsa. Det gjeld på ei rekke ulike måtar[5]:[13]

Glutenfri

Havre er glutenfri fordi den inneheld lite prolamin, den proteintypen som utløyser cøliaki i kontakt med kveite, bygg og rug. Føresett ein eigen produksjonskjede utan desse kornartane, er havre derfor tilrådd som glutenfritt for dei fleste som slit med denne sjukdomen.

Kostfiber

Havre har eit høgt innhald av kostfiber (kring 11%), særleg av vassløyselege betaglukanar (kring 3-4%). Dei siste har påviseleg helsefremjande effektar, noko som dei siste 20 åra har auka interessa for havre til mat. Fiber, og spesielt betaglukan, gir ein konsistens i tarmen som fører til absorpsjon av gallesyre, som så minkar utskillinga av kolesterol i blodet[14]. Både i EU og i USA er det tillate å reklamere med at betaglukan (3 g om dagen, tilsvarande 75 g havre) førebygger hjarte-karsjukdomar[15].

Insulin

Vidare fører dei til ei saktare nedbryting av stivelse til sukker og med det mindre insulin. Pasientar med diabetes-2 er tilrådd 2-3 «havredagar» for å få opp sensitiviteten for insulin.

Vitamin

Dei feittløyselege vitamina tokoferol (E-vitamin) og avenantramid er gunstige. Den siste, som er spesiell for havre, hemmar betennelsar i slimhinner i tarm, i blodårer og i huda og hemar vekst av kreftsvulstar[15]. At havre reduserer sjansen for tykktarmskreft, kan kome av dette og positiv verknad på fordøyinga generelt.

Sporstoff

Kostfibrane kan til gjengjeld hindre opptak av sporstoffa jern, mangan og sink som havren er rik på. Desse kan òg lett bli bundne til ufordøyeleg fytinsyre.

Havre er i hovudsak eit fôrkorn (90%) i norsk samanheng til storfe, sau og hest. Til gris, fjørfe og mat blir havren avskala, på grunn av den ufordøyelege cellulosen i skalet. Betglukanar fører til lågare fôropptak i gris enn den meir lettfordøyelege kveiten.

Forbruket til mat har i Noreg auka frå 3 til 6 kg per person sidan 2001. Dette går i hovudsak til havregryn, müsli, innblanding i brødmel m.m. Det er spesielle krav til mathavre. Korna må vere tunge og jamt store med låg skalprosent[16]. Etter avskaling blir dei nakne korna varma opp til 90 grader for å inaktivere enzymet lipase. Elles vil feittet harskne så fort havren blir pressa og valsa til gryn. I butikkvaren «store havregryn» er heile kornet brukt, i «lettkokte havregryn» er korna kutta i mindre stykke før valsing. I alle tilfelle inneheld dei heile kornet og er dermed et fullkornprodukt.

Opphav[endre | endre wikiteksten]

Floghavre - Avena fatua.

Avena sterilis veks vill langs indre Middelhavet og i Levanten. Dyrka havre synest mest lik den ville A. sterilis i Anatolia. Havren var truleg eit ugras i kveite og bygg då dei breidde seg derifrå[17]. Den opptrer først som kulturplante i Europa, særleg i nord[18]. Då klimaet blei kjølegare i eldre jernalder, kring 1000 f.Kr., fekk havren eit fortrinn. Dette blei utnytta fram til 1900-talet ved at havre blei dyrka saman med bygg som blandkorn. Var vilkåra ugunstige for bygget, sikra havren avlinga.  Havredyrking spreidde seg til mange land under Romarriket pga. behovet for hestefôr til kavaleriet. I Kina er havredyrking like gamal som i Europa, men bare naken havre, som lett kan blandast med ris.

Tradisjonar[endre | endre wikiteksten]

Ordet havre (eldre svensk hafre, tysk Hafer)  kjem frå det latin Capra, som betyr bukk, geit. Det viser igjen til dyrefôr. Det engelske ordet oat (fleirtal oats) er truelg omdanning av det latinske Avena, som er blitt  avos og aovs. Ordet har truleg indoeuropeisk opphav i Kaukasus[5].

Havre er det tradisjonelle hovudkornet, kalla «corn», i Skottland. Dei tradisjonelle brødprodukta er tørre havrekjeks eller ferske lefser. Den årlege verdsmeisterskapen i havregrautkoking går kvart år av stabelen i Invernesshire. Ordet «porridge» stammar frå det franske pôirot, purre, og viser til ei kjøtgryte eller lapskaus med rikeleg havre- eller byggryn.

Norsk Havreforening arrangerer kvart år eit «NM i havredyrking» som er populært blant korndyrkarar[13].

Produksjon[endre | endre wikiteksten]

Havre utgjer i dag under 1% av verdas kornproduksjon (20.7 millionar tonn i 2013, mot 35.8 i 1993[19]). Areala går stadig nedover, men avlinga per dekar aukar, så produksjonen har auka svakt sidan 2010. Russland  er den største produsenten på verdsbasis (sjå tabell), følgd av Canada, Polen og Finland.  Norden samla er den tredje største på verdsbasis. Canada, Finland og Sverige er dei største eksportlanda, USA er størst på import.  

Den norske produksjonen i 2014 var på 283 000 tonn, på eit areal på 720 000 dekar, som gir ei gjennomsnittsavling på 393 kg per dekar. Arealet har gått nedover sidan 2000, frå over 900 000 til under 600 000 dekar, men har auka igjen til over 800 000 i 2016[1]. Både fallande kornareal og problema med soppgifter slår mest ut for havre.

Rang Land Havreproduksjon

i tusen tonn[19]

1 Russland 4 027
2 Canada 2 680
3 Polen 1 439
4 Finland 1 159
5 Australia 1 050
6 USA 929
7 Spania 799
8 Storbritannia 784
9 Sverige 776
10 Tyskland 668
Verda, i alt 20 732

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Statistisk Sentralbyrå (2016). Korn og oljevekster, areal og avling.
  2. Landbruksdirektoratet (2016). Total kornproduksjon.
  3. Oliver RE, Tinker NA, Lazo GR, Chao S, Jellen EN, Carson ML, et al. (2013) «SNP discovery and chromosome anchoring provide the first physically-anchored hexaploid oat map and reveal synteny with model species.» – PLoS One., nr. 8(3):e58068.
  4. Strand E. (2003). Kornforskning i 100 år ved Institutt for plantekultur..
  5. 5,0 5,1 5,2 Marshall A, Cowan S, Edwards S, Griffiths I, Howarth C, Langdon T, et al. (2013) «Crops that feed the world 9. Oats- a cereal crop for human and livestock feed with industrial applications.» – Food Sec., bind 5(1), s. 13-33.
  6. Tekle S, Dill-Macky R, Skinnes H, Tronsmo AM, Bjornstad A. (2012) «Infection process of Fusarium graminearum in oats (Avena sativa L.)» – European Journal of Plant Pathology., bind 135(1), s. 147-158.
  7. Tekle S, Skinnes H, Bjornstad A. (2013) «The germination problem of oat seed lots affected by Fusarium head blight.» – European Journal of Plant Pathology., bind 135(1), s. 147-158.
  8. NIBIO (2015). Fusarium og mykotoksiner i korn.
  9. Gullord M. (2007). Hvorfor er det behov for planteforedling i nord? 19.
  10. Bjørnstad Å, Aastveit, Knut, Thoresen, Kjell Sverre. (1994) «The Potential of High-Oil Oats under Cool Temperate Conditions» – Soil and Plant Sci., bind 44, s. 219-225.
  11. Ekern A, Havrevoll Ø, Haug A, Berg J, Lindstad P, Skeie S. (2003) «Oat and Barley Based Concetrate Supplements for Dairy Cows.» – Animal Sci., bind 53, s. 65-73.
  12. Gold and green (2016). Hur får man fram det perfekta proteinet.
  13. 13,0 13,1 Norsk Havreforening (2016). Alt om norsk havre.
  14. Opplysningskontoret for brød og korn (2016). 5 gode grunner til å spise mer havre.
  15. 15,0 15,1 Sur R, Nigam A, Grote D, Liebel F, Southall MD. (2000) «Avenanthramides, polyphenols from oats, exhibit anti-inflammatory and anti-itch activity.» – Archives of dermatological research., nr. 40(1), s. 256-263.
  16. Aarnes, H. (2013). Nye sorter kulturplanter med nyttige egenskaper.
  17. Jellen EN, Beard J. (2000) «Geographical distribution of a chromosome 7C and 17 Intergenomic translocation in cultivated oat.» – Crop Sci., bind 40(1), s. 256-263.
  18. Murphy J, Hoffman, LA. (1992) «The origin, History and Production of oat. In: Sorrells HGMME, editor. Oat Science and Technology. Madison, Wisconsin:» – ASA/CSSA.
  19. 19,0 19,1 FAO (2015). Food Outlook.