Marleik

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Marleik av kalkstein, Año Nuevo State Reserve, California

Marleik er ein knoll av mergel (kalkhaldig leire) i kvartære leirer. Marleikaer har rund eller avlang, ofte eigendommeleg form og inneheld ofte fossil (fisk eller skjel). Marleikar er ein form for konkresjonar danna ved utfelling av kalsiumkarbonat omkring rotnande dyrerestar.

Dei finst mange stader i Noreg, men er mest vanleg på Austlandet, i Romsdalen, i Trøndelag og i Nordland.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]