Marstein stasjon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Foto: Anders Beer Wilse (1924)

Marstein stasjon er ein nedlagt jernbanestasjonRaumabanen ved bygda Marstein i Rauma kommune i Møre og Romsdal. Stasjonen vart oppretta den 30. november 1924 til den offisielle opninga av Raumabanen som ein stasjon betjent for ekspedering av tog, reisande og gods. I januar 1938 fekk Marstein status som stoppestad betjent berre for reisande og gods, og i januar 1964 vart Marstein gjort om til haldeplass. Frå og med mai 1988 var Marstein ein haldeplass utan persontrafikk, og i mai 1990 vart den offisielt lagt ned. Utover 1990-talet vart Marstein igjen definert som stasjon, men med togekspeditør og utan at den fekk nokon persontrafikk.

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Bjerke, Thor og Holom, Finn m.fl (2004). Banedata 2004. Oslo / Hamar: Norsk Jernbanemuseum & Norsk Jernbaneklubb. s. 96. ISBN 82-90286-28-7. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Førre stasjon   Jernbaneverket   Neste stasjon
nedlagt: Romsdalshorn
Raumabanen
nedlagt: Flatmark