Martha Skretteberg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Martha Skretteberg eller Martha Rubiano Skretteberg er fødd 11. april 1962 i Colombia og vaks opp der. Ho har brukt store delar av sitt liv til å jobbe for fred i heimlandet, men har utdanninga si frå Blindern i Oslo i frå 1985 og bur i Oslo der ho er gift med to born. Ho har mellom anna vore leiar i næringsetaten i Oslo kommune, avdelingsdirektør i sosial- og helsedirektoratet, arbeidsdepartementet, og barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet i Noreg.

Utdanning og erfaring[endre | endre wikiteksten]

Utdanna jurist med tilleggsutdanning i kriminologi og flyktningrett. Ho har lang leiarerfaring fra både forvaltning og privat sektor. Martha R Skretteberg har òg vore landdirektør for Flyktninghjelpa i Colombia, der ho leia program for internt fordrevne og for flyktninger i Venezuela, Panama og Ecuador. I tillegg har ho vore leiar av FOKUS (Forum for Kvinner og Utviklingsspørsmål).

Ho er i 2017 styremedlem i den katolske hjelpeorganisasjonen Caritas Europa, og er tilbake i Noreg etter eit besøk i områda der den tidligere geriljaorganisasjonen FARC har sine leirar etter at soldatane vart demobilisert som eit ledd i fredsplanen for Colombia. Ho fortel om lite tålmod hjå FARC-soldatane, som no skal kome i gang med eit nytt liv[1][2].

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. https://www.nrk.no/urix/colombias-mektigste-narkokartell_-vil-overgi-seg-og-ha-vapenhvile-1.13827576
  2. https://www.nrk.no/urix/_-det-eneste-vi-kan-er-a-skyte-folk-1.13637836