Martin Schongauer

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Madonna i rosehagen, 1473

Martin Schongauer, fødd omkring 1445-1450 i Colmar og død 2. februar 1491 i Breisach am Rhein, var ein tysk målar og gravør. Trykka etter koparstikka hans vart kopiert og spreidd vide i Europa.

Schongauer arbeidde i hovudsak i heimbyen Colmar. Som gravør vidareførte han den såkalla Meister E.S. sin måte å forme koparstikk på. Med åra forbetra han teknikken og kunne lage bilete med eit meir forfina tilhøve mellom tekstur og lys i trykka.

Han hadde god kjennskap til verk av Rogier van der Weyden, og truleg andre nederlandske målar. Sjølv om han var klart påverka av flamsk kunstproduksjon, nytta han sine eigen fantasi til å skape eigenarta bilete. Kringom 1470 måla han Freistinga av den heilage Antonius. Madonna i rosehagen frå 1473 er det einaste måleriet ein med visse veit er laga av Schongauer.

Grafikken hans påverka Albrecht Dürer i stor grad, og elles påverka trykka hans utviklinga av den grafiske teknikken i Tyskland.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Martin Schongauer

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Aschehougs kunsthistorie. Bind 4 Kunstleksikon