Marty Stuart

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Marty Stuart
Martystuart-fls.jpg
Marty Stuart i MerleFest i april 2012
Fødd30. september 1958 (62 år)[1]
FødestadPhiladelphia i Mississippi i USA[2]
FødenamnJohn Marty Stuart[1][3]
OpphavUSA
AktivSidan 1968
Sjanger
Instrument
Tilknytte artistar
PlateselskapSugar Hill, Columbia, MCA, Universal South, Superlatone, Ridge Runner
Verka som
  • Songar
  • Låtskrivar
PrisarAmericana Lifetime Achievement Award for Performance

John Marty Stuart (fødd 30. september 1958) er ein USA-amerikansk country- og bluegrass-songar, låtskrivar og musikar. Stuart har vore aktiv sidan 1968 og turnerte i starten med Lester Flatt, og så i turnébandet til Johnny Cash, før han byrja å arbeide som soloartist tidleg i 1980-åra. Han fekk størst kommersiell suksess første halvdel av 1990-åra i MCA Records Nashville. Stuart har spelt på over tjue studioalbum og har vore inne på Billboard Hot Country Songs-lista over tretti gonger. Den største hitten hans var «The Whiskey Ain't Workin'», ein duett med Travis Tritt. Stuart har vunne fem Grammyprisar av seksten nominasjonar. Han er kjend for ein kombinasjon av rockabilly, countryrock og bluegrass, og har ofte spelt coversongar og samarbeidd med andre artistar. Stuart er medlem av Grand Ole Opry og Country Music Hall of Fame.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Whitburn, Joel (2017). Hot Country Songs 1944 to 2017. Record Research, Inc. s. 351. ISBN 978-0-89820-229-8. 
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 2,4 Steve Huey. «Marty Stuart biography». AllMusic. Henta 11. august 2020. 
  3. «Search results for 'Stuart, John Marty'». Broadcast Music Incorporated. Henta 11. august 2020.