Billboard
Billboard | |||
| |||
Oppretta | 1894 | ||
---|---|---|---|
Grunnleggjar | William Donaldson og James Hennegan | ||
Språk | engelsk | ||
Nettstad | https://www.billboard.com/ |
Billboard er eit USA-amerikansk musikkmagasin grunnlagt i 1894. Det er mest kjent for sine lister over dei mest selde platene i USA. Dei mest prestisjefylte listene er Billboard Hot 100 (for singlar) og Billboard 200 (for album). I tillegg har magasinet ei rekkje lister innan forskjellige musikksjangrar, både for singlar og album, og lister for songar som har fått mest speletid på radio.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Fyrste utgåva av Billboard blei gjeven ut i Cincinnati i Ohio av William Donaldson og James Hennegan den 1. november 1894.[1][2] Bladet tok for seg reklame og plakatindustrien, og hadde tittelen Billboard Advertising.[3][4] På denne tida var plakatar, annonsar i aviser og reklametavler eller engelsk billboards på offentlege stader dei viktigaste formene for reklame.[4] Tittelen blei endra til The Billboard i 1897.[5]
Lister
[endre | endre wikiteksten]- Billboard Hot 100. Sidan 5. desember 1998 har lista også hatt songar som ikkje er singlar.
- Hot Country Songs. Lista er mellom anna basert på tal på strøyming, tal på sal av digitale nedlastingar, og tal på avspeling av songar på radiostasjonar i USA. Slik har det vore sidan lista frå 20. oktober 2012.
- Country Airplay. Lista har hatt namnet sidan 20. oktober 2012, men Billboard hadde tilsvarande liste berre for radioavspelingar i periodar av dei 23 føregåande åra.
- Top Country Albums
- Hot R&B/Hip-Hop Songs
- Hot Latin Songs
- Billboard Global 200
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Anand, N. (2006). «Charting the Music Business: Magazine and the Development of the Commercial Music Field». I Lampel, Joseph; Shamsie, Jamal; Lant, Theresa. The Business of Culture: Strategic Perspectives on Entertainment and Media. Series in Organization and Management. Taylor & Francis. s. 140. ISBN 978-1-135-60923-8. Arkivert frå originalen 13. desember 2020. Henta 5. november 2015.
- ↑ Broven, J. (2009). Record Makers and Breakers: Voices of the Independent Rock 'n' Roll Pioneers. Music in American life. University of Illinois Press. s. 187. ISBN 978-0-252-03290-5. Henta 5. november 2015.
- ↑ Gussow., Don (1984). The New Business of Journalism: An Insider's Look at the Workings of America's Business Press. Harcourt Brace Jovanovich. s. 32–33. ISBN 978-0-15-165202-0.
- ↑ 4,0 4,1 Godfrey, Donald G.; Leigh, Frederic A. (1998). Historical Dictionary of American Radio. Westport, CT: Greenwood Press. s. 45. ISBN 978-0-313-29636-9.
- ↑ Dinger, Ed. Nielsen Business Media, Inc. International Directory of Company Histories 98. s. 260–265.
- Denne artikkelen bygger på «Billboard» frå Wikipedia på bokmål, den 22. mars 2009.
Denne artikkelen treng fleire referansar for verifikasjon. |