Marulkar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Marulkar
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Infrarekkje: Kjevemunnar Gnathostomata
Megaklasse: Beinfiskar Osteichthyes
Overklasse: Strålefinnefiskar Actinopterygii
Klasse: Actinopteri
Underklasse: Neopterygii
Infraklasse: Ekte beinfiskar Teleostei
Orden: Marulkar Lophiiformes
Garman, 1899

Marulkar er ein orden beinfisk som lever i havet. Det er beskrive 265 ulike artar på verdsbasis, dei fleste av desse er djuphavsartar frå varme strok. I Noreg er det berre breiflabben som kjem jamleg føre, i tillegg har sargassoulken vorte observert èin gong.

Fisk rekna til marulkane lever på ein av tre ulike måtar: Nokre artar sym nær botnen, andre lever i tilknyting til drivande tang og atter andre lever på djupt vatn. Felles for dei fleste artane er at første finnestrålen i ryggfinnen er omdanna til ei slags «fiskestong»; ein kjøtfull flik som trekkjer til seg småfisk marulken kan eta. Hjå djupvassartane er det ofte lysorgan i fiskestonga.

Kjenneteikn[endre | endre wikiteksten]

Marulkane er lettast å kjenna att på fiskestonga, som er til stades hjå dei aller fleste artane. Denne er delt opp i «stong» og «agn», og er omdanna frå første finnestrålen i ryggfinnen. Bukfinnane manglar eller sit framfor brystfinnane, noko som er eit teikn på skyldskap med torskefiskane.

Opninga til gjellekammeret sit anten ved eller bak basis for brystfinnane, ved sjeldsynte høve kan ho òg sitja delvis framfor dei. Artar med symjeblære har ikkje samband mellom denne og svelget.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Jonsson, Bror: «Marulker» i Norges dyr, Cappelen 1992
  • Fishbase