Mary Todd Lincoln

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Mary Todd Lincoln
Mary Todd Lincoln2crop.jpg
Fødd 13. desember 1818
Lexington i Kentucky
Død

16. juli 1882 (63 år)
Springfield

Yrke førstedame
Mary Todd Lincoln på Commons

Mary Ann Todd Lincoln (13. desember 181816. juli 1882) var førstedame i USA medan mannen Abraham Lincoln var president, frå 1861 til han vart skoten i 1865.

Mary Lincoln var fødd i Lexington i Kentucky, ein av Sørstatane under den amerikanske borgarkrigen, og blei difor utsett for rykte om at ho spionerte for fienden medan krigen gjekk føre seg.

Presidentkona blei òg skulda for å bruka for mange pengar, mellom anna på å dekorera det kvite huset i Washington. Seinare brukte ho òg mykje av sin eigen formue. Dette, saman med ein underleg oppførsel som truleg skuldest depresjon etter at mannen og to søner var døde, fekk sonen Robert Lincoln til å legga henne inn på eit sinnsjukehus i 1875. Ho slapp ut etter tre månader, men tilgav aldri sonen det ho såg på som eit stort svik.