Masi-gruppa

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Masi-gruppa (nordsamisk Mázejoavku), òg kalla Samisk Kunstnargruppe/Sámi Dáidujoavku, er ei gruppe av kunstnarar som vart etablert i 1978. Ho bestod av åtte unge kunstnarar, i alfabetisk rekkjefølgje: Aage Gaup, Trygve Lund Guttormsen, Josef Halse, Berit Marit Hætta, Britta Marakatt-Labba, Hans Ragnar Mathisen, Rannveig Persen og Synnøve Persen.

Masi-gruppa vart forløparen til Samisk kunstnarforbund som vart stifta i 1979. Gruppa var sentral i arbeidet med innkjøp av samisk samtidskunst til De samiske samlinger i Karasjok.

Eit samisk kulturopprør[endre | endre wikiteksten]

Masi-gruppa fekk avgjerande tyding for utviklinga innan samisk kultur- og kunstforståing og var inspirert av idear og strømningar i norsk kunstliv på 1970-talet. Dei første åra medførde ei rekkje reiser og utstillingar frå medlemmane til gruppa, og det høge aktivitetsnivået bidrog til auka fokus på samisk kunst.

Kunstneriske uttrykk, produksjonar og utstillingar var arenaer for kritiske ytringar og politisk kamp mot undertrykking lokalt og globalt.[1] Det voks fram ei forståing blant denne generasjonen kunstnarar at «det samiske» skulle vera mindre synleg. Kunstnarane og kunsten skulle i større grad røra seg i ei globale verd og i ein global kunstnerisk tradisjon.[2][3]

Den kunstneriske retninga til gruppa var i tråd med kravet i tida om samiske kulturelle og politiske rettar, samstundes var den i opposisjon til kravet om samisk uniformering og kulturelle einsretting. Syna til gruppa var eit kunstnerisk opprør mot dei kulturelle stereotypiane, førestillinga om at samisk kunst måtte innehalda visuelle referansar til det som tradisjonelt vart oppfatta som samisk: ikon frå runebommer, primærfargane frå dei samiske koftene eller bruk av naturmateriale.[4]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Nordlys, 16. oktober 2003.
  2. Dagbladet - kronikk: Global urbefolkningskunst, av Morten Johan Svendsen.
  3. Museumsnett:[daud lenkje], Naturens renhet - Fra Savio til samtiden.
  4. Katalog: Mázejoavku, (2004) 25 års jubileet for Samiske Kunstneres Forbund