Britta Marakatt-Labba

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Britta Marakatt-Labba

Statsborgarskap Sverige
Fødd 18. september 1951 (72 år)
Idivuoma
Yrke kunstnar, tekstilkunstnar
Britta Marakatt-Labba på Commons

Britta Margareta Marakatt-Labba (fødd 18. september 1951 i Idivuoma i Karesuando) er ein svensk samisk tekstilkunstnar, målar og grafikar.

Britta Marakatt-Labba voks opp i ein søskenflokk på ni barn i ein rendriftsfamilie i Saarivuoma sameby. Ho gjekk på Sunderby folkhögskola 1971-73 før ho byrja på tekstillinja ved Konstindustriskolan i Göteborg i 1974. Her studerte ho under professor Elsa Agélii fram til 1978. Agélii hadde utvikla ein nyskapande stil med feministiske dagboksbroderier.[1] Seinare gjekk Marakatt-Labba på Samisk høgskole i Kautokeino 1999–2002.

Marakatt-Labba arbeider helst innan broderi på tekstil, akvarell og litografi med motiv knytt til samisk kultur. Ho har illustrert ei stort mengd bøker og har i tillegg vore kostymedesignar og scenograf.

I samband med Alta-konflikten laga ho verket Kråkorna, som viser eit motiv der samiske sit-ned-aksjonistar vert fjerna med makt av kråker som gradvis endrar seg til politi.[1] Ho var med og starta Masi-gruppa (Samisk Kunstnargruppe) i 1978, og var seinare med på å etablera den samiske kunstnarorganisasjonen Samisk kunstnarforbund i 1979.

I 2014 vart ho utnemnt til æresdoktor ved Det humanistiske fakultetet ved Umeå universitet.[2]

Historja 2003–2007 er ein nesten 24 meter lang frise med motiv frå samisk kultur, inspirert av Bayeux-teppet i Frankrike.[3] Verket som til vanleg heng i Teorifagbygget ved universitetet i Tromsø, vart vist på documenta 14 i Kassel 2017.[4]

Prisar og utmerkingar[endre | endre wikiteksten]

  • 1993 Anna Nordlander priset,
  • 2000 kulturstipendiet Rubus arcticus
  • 2011 Asa Kitok-stipendiet
  • 2012 John Savio-stipend frå Bildende Kunstneres Hjelpefond
  • 2012 Kauppistipendiet
  • 2014 Æresdoktor ved Umeå universitet
  • 2015 Per Ganneviks stipendium
  • 2017 John Savio-prisen[5]

Offentleg utsmykking i utval[endre | endre wikiteksten]

  • Historjá, broderi, 24 meter langt og 40 cm breitt, som skildrar den samiske historia og mytologien, 2003-07, Teorifagsbygget ved Universitetet i Tromsø.[6]
  • Kråkorna, broderi, Universitetet i Tromsø
  • Motivet på den nye, nordsamiske bibelen som vert lansert august 2019.

Britta Marakatt-Labba er representert ved Röhsska museet[7].

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

  • Jan-Erik Lundström (redaktør): Broderade berättelser. Britta Marakatt-Labba, Koncentrat, Kiruna 2010, ISBN 978-91-633-7248-3

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Tingvoll, Tone Kristine Thørring. «"Et stykke samisk og nordisk kunsthistorie - Britta Marakatt-Labbas broderier".». Ottar 2010; Volum 4 (282). ISSN 0030-6703: 19 – 24. 
  2. «Hedersdoktorer Humanistisk fakultet Umeå universitet». Arkivert frå originalen 9. august 2017. Henta 9. august 2017. 
  3. «Kunstnersamtale med Britta Marakatt-Labba». KORO. Arkivert frå originalen 9. august 2017. Henta 9. august 2017. 
  4. Hanna Horsberg Hansen. «Sámi Artist Group (Keviselie/Hans Ragnar Mathisen, Britta Marakatt-Labba, Synnøve Persen)». Documenta 14. Henta 9. august 2017. 
  5. «John Savio-prisen til Britta Marakatt-Labba | Nordnorsk Kunstmuseum». www.nnkm.no (på norsk bokmål). Arkivert frå originalen 31. august 2017. Henta 31. august 2017. 
  6. DN: Broderad historia från samernas land (2007-03-25)
  7. Röhsska museet

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]