Masolino da Panicale

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Masolino da Panicale
038 le vite, masolino da panicale.jpg
Fødd 1383, San Giovanni Valdarno, Valdelsa
Død 1447, Firenze
Masolino da Panicale på Commons

Tommaso di Cristoforo Fini (fødd rundt 1383 i Panicale og død etter 1440 i San Giovanni Valdarno), betre kjend som Masolino da Panicale, var ein italiensk målar under ungrenessansen.

Heilage Anna med Maria og Jesusbarnet, 1425

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Masolino gjekk sannsynlegvis i lære hos bilethoggaren Lorenzo Ghiberti tidleg i 1400-talet. Masolinos mest omtala verk er freskane i kyrkja Santa Maria del Carmine i Firenze. Desse laga han saman med den 18 år yngre Masaccio året 1425. Trass i aldersskilnaden var det den yngre Masaccio som mest påverka Masolino. Masolino var utdanna i ein gotisk, dekorativ stil som han korkje kunne eller ville frigjere seg frå. Giorgio Vasari omtalar Masolino i kunstnarbiografien sin.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikisource

Originaltekst av Masolino da Panicale ved Wikisource.