Firenze

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Firenze
Domkyrkja i Firenze
Domkyrkja i Firenze
Byvåpenet til Firenze
Byvåpenet til Firenze


Plassering
Firenze is located in Italia
Styresmakter
Land
Region
Provins
Italia Italia
Toscana
Firenze
Borgarmeister Leonardo Domenici
Geografi
Flatevidd
 - By

102 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2013)
   - folketettleik

377 207
  3698/km²
Koordinatar 43°46′″N 11°15′″EKoordinatar: 43°46′″N 11°15′″E
Høgd over havet 50 m
Diverse annan informasjon
Postnummer 50100
Telefon-retningsnummer 0 184
Nettstad: www.comune.firenze.it

Firenze (latin Florientia, kalla Florence, Florens og liknande på mange andre språk) er ein by i Italia ved elva Arno. Han er hovudstad i provinsen Firenze og i regionen Toscana og har om lag 377 207 innbyggjarar, medan storbyområdet har over 500 000.

Byen vert rekna som fødestaden til den italienske renessansen. Firenze var frå 1865 til 1870, etter samlinga av Italia, hovudstad i landet. Byen var lenge dominert av den mektige Medici-familien (1434-1494, 1512-1527 og 1530-1737). I mellomalderen var Firenze eit handelssentrum i Europa.

Firenze er kjend for all den flotte kunsten og arkitekturen og har vorte kalla «mellomalderen sitt svar på Aten». Det historiske sentrumet av Firenze vart erklært verdsarvstad av UNESCO i 1982.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Firenze vart grunnlagd som ein busetnad av Julius Cæsar i 59 fvt. for veteransoldatane sine. Han vart då kalla Florentia (blømande) og vart bygd i same stil som ein militærleir med vide gater. Han låg ved romarvegen Via Cassia, vegen frå Roma og nordover, og i den frodige dalen til elva Arno vart han raskt eit viktig handelssenter. Keisar Diokletian gjorde Florentia til hovudstad av provinsen Tuscia på 200-talet evt.

St. Minias vart Firenze sin første martyr. Han vart halshogd rundt år 250 evt. under forfølginga av dei kristne under keisar Decius. Etter at han vart halshogd vart det det sagt at han tok opp hovudet sitt og gjekk over Arno og opp åsen Mons Fiorentinus der eremitasjen hans låg, der Basilica di San Miniato al Monte i dag står.

Han vart bispesete frå rundt byrjinga av 300-talet og byen opplevde ein turbulent periode under austgotarane då krigføring mellom austgotarane og Austromarriket ofte gjekk ut over byen. Dette kan ha ført til at folketalet i byen fall til rundt 1000 innbyggjarar.

langobardane erobra området på 500-talet vart det meir fredlege tider. Han vart erobra av Karl den store i 774 pg Firenze vart ein del av hertugdømet Toscana med Lucca som hovudstad. Folketalet voks igjen og handelen blømde. I 854 vart Firenze og Fiesole slått saman i eitt grevskap.

Markgreve Hugo valde Firenze som residens i staden for Lucca rundt år 1000. Dette var starten på gullalderen for florentinsk kunst. I 1013 byrja bygginga av Basilica di San Miniato al Monte. Eksteriøret i dåpskapellet vart omarbeidd i romansk stil mellom 1059 og 1128.

Piazza della Repubblica i Firenze.
Firenze sett frå Palazzo Pitti
Firenze

Pisa (slått av Genova i 1284 og underlagt Firenze i 1406) og makta som handelseliten nytta etter det oppstod ei antiaristokratisk rørsle leia av Giano della Bella, førte til fleire lover som vart kalla Ordinamenti di giustizia («Rettferdsordningane») (1293).

Folketalet er estimert til rundt 80 000 før Svartedauden i 1348 og om lag 25 000 var involvert i byen sin ullindustri. I 1345 oppstod det forsøk på streik hos ullkardarane (ciompi) som i 1378 gjorde opprør mot det oligarkiske styret i det som vart kalla «opprøret til kardarane». Etter opprøret var slått ned kom Firenze under Albizzi-familien (1382-1434), som var bitre rivalar av Medici-familien. Cosimo de' Medici var den første frå Medici-familien som fekk kontroll over byen. Sjølv om byen teknisk sett var eit demokrati kom makta hans frå eit omfattande vernenettverk i tillegg alliansen han hadde til dei nye innflyttarane , dei såkalla gente nuova. Det at Medici-familien òg var bankmenn for paven var òg medverkande til makta dei fekk. Cosimo vart ettrfølgd av sonen Piero, som kort tid etterpå vart etterfølgd av Cosimo sitt barnebarn Lorenzo i 1469. Lorenzo var ein stor kunstelskar, og bestilte verk frå Michelangelo, Leonardo da Vinci og Botticelli. Lorenzo var òg ein dugande musikar og henta inn kjende komponistar og songarar til Firenze, som Alexander Agricola, Johannes Ghiselin og Heinrich Isaac.

Etter Lorenzo døydde i 1492 tok sonen Piero II over. Då den franske kongen Karl VIII invaderte Nord-Italia valde Piero II og gjere motstand, men då han innsåg storleiken til den franske hæren ved portane til Pisa måtta han aksepterte dei audmjukande vilkåra til den franske kongen. Dette førte til at florentinarane gjorde opprør og kasta ut Piero II. Medan han var i eksil i 1494 enda den første perioden til Medici med at det vart gjeninnført eit republikansk styre.

I denne perioden vart dominikanarmunken Girolamo Savonarola prior ved San Marco-klosteret. Han var kjend for botssermoniane sine,, der han kjefta på det han såg på som utbreidd umoral og behovet for materielle gode. Han meinte Medici-familien vart sent i eksil av Gud som straff for dekadensen deira. Han nytta høvet til å gjennomføre meir politiske reformer som førte til eit meir demokratisk styre. Men då Savonarola offentleg skulda pave Alexander VI for korrupsjon fekk han forbod mot å tale offentleg. Då han braut dette forbodet vart han lyst i bann. Florentinane var lei av den ekstreme læra hans, vende seg mot han og arresterte han. Han vart dømd for kjetteri og brend på stake på Piazza della Signoria den 23. mai 1498.

Firenze om natta sett frå Piazzale Michelangelo

Niccolò Machiavelli førte Medici tilbake til makta, men det harde styret hans og misbruk av stillinga si førte til at Medici-familien vart kasta ut av byen ein andre gong og 16. mai 1527 vart det igjen oppretta eit republikansk styre. Både keisaren og paven sette Medici-familien tilbake og i 1537 vart dei hertugar av Firenze, ein posisjon som skulle gå i arv. I 1569 vart dei til og med utnemnd til storhertugar av Toscana og styrte i to hundre år. I heile Toscana var det berre Republikken Lucca (seinare hertugdøme) og fyrstedømet Piombino som ikkje var underlagd Firenze.

Då Medici-linja døydde ut og Frans Stefan, hertug av Lorrain og ektemann til Maria Theresa av Austerrike, vart Toscana for ein periode ein del av landområda til den austerrikske krona. Han vart så ein secundogeniture i Habsburg-Lorraine -dynastiet, som vart avsett av Bourbon-Parma i 1801. Sjølv vart dei avsatt i 1807, men etter Wienerkongressen i 1815 fekk dei området tilbake. Dei hadde styringa fram til Toscana vart innlemma i Kongedømet Italia i 1861.

Firenze erstatta Torino som Italia sin hovudstad i 1865 og husa det første parlamentet i landet. Seks år seinare vart hovudstaden flytta til Roma etter at dei franske troppane trekte seg tilbake og områda dei hadde okkupert kunne innlemmast i kongedømet. Etter at folketalet vart dobla i løpet av 1800-talet vart det tredobla på 1900-talet i samband med auka turisme, handel, finansielle tenester og industri. Under den andre verdskrigen vart han okkupert av tyskarane i eit år i 1943-1944 og vart erklært ein open by.

I november 1966 skapte Arno flaum i sentrale område av byen og øydela mange kunstskattar. Styresmaktene visste om at flaumen var på veg, men ingen vart varsla bortsett frå juvelérane ved Ponte Vecchio. Rundt om i byen er det små plakatar som viser kor høgt vatnet gjekk på det høgaste.

Panorama av Firenze sett frå Piazzale Michelangelo
Panorama av Ponte Vecchio og Arno i Firenze sett frå nordsida av elva i oktober 2006.
Ponte Vecchio og dei omliggande bygningane ved Arno.

Firenze og renessansen[endre | endre wikiteksten]

Bølgja av kunstnariske, litterære og vitskaplege utforskingar som oppstod i Firenze på 1300- til 1500-talet var hjelpt fram av florentinarane sin glød for pengar, bankdrift og handel og ønsket deira om å vise rikdomen sin. Med pengane frå bankdrifta støtta Medici-familien, som var særs rike bankmenn, forskjellige kunstnarar som Michelangelo.

I tillegg til dette gjorde krisane i Den katolske kyrkja (særleg striden med dei franske pavane i Avignon og Det store skismaet), i tillegg til katastrofale hendingar som Svartedauden, til ei evaluering av verdiane frå mellomalderen. Dette førte til utviklinga av ein humanistisk kultur, mellom anna med hjelp av verk av Francesco Petrarca og Boccaccio. Dette førte til ei tilbakevending til og ein studie av den klassiske antikken og renessansen var født.

Viktige personar frå Firenze (florentinarar)[endre | endre wikiteksten]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Firenze