Matheuskyrkja i Borgund

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Matheuskyrkja eller Mathiaskyrkja eller Matteskyrkja var moglegvis ei kyrkje i Borgundkaupangen i mellomalderen, men ho er ikkje eintydig påvist arkeologisk, og ho kan ha vorte forveksla med Kristkyrkja. Mattes kirckia er i Aslak Bolts jordebok (1432) omtala som tidlegare eigar av Dimna i Ulstein, men det går fram at godset er lagt under erkebispesetet, og kyrkja er for øyde å rekne.[1]

Skildringa hos Brendalsmo er svært lik den for Kristkyrkja: ei langkyrkje i stein med rektangulært skip og kvadratisk kor, utvendig kledd med marmorkvader. Øystein Ekroll[2] opererer da òg med berre tre kyrkjer i kaupangen, der ei er i nærleiken av prestegarden. I ein slik kontekst må ein gå ut frå at Mathiaskyrkja og Kristkyrkja viser til same bygget.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Aslak Bolts jordebok, s. 135.
  2. Ekroll, Øystein (1997). Med kleber og kalk: Norsk steinbygging i mellomalderen. Oslo: Samlaget. s. 181. ISBN 82-521-4754-2. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]