Matrei in Osttirol

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Landsbyen Matrei

Matrei in Osttirol er ein kommune (Marktgemeinde) i Distriktet Lienz i forbundslandet Tirol i Austerrike. Kommunen, som omfattar heile dalføret Tauerntal og øvre del av Isental, har ei flatevidd på 277,9 km². Nærare halvdelen av arealet er snaufjell og når opp i Großvenediger, ein av dei aller høgste fjelltoppane i Austerrike. I kommunen bur i kring 4 600 menneske. Turisme, både sommar- og vinter-turisme, er hovudnæring. Kommunesenteret Matrei ligg 975 meter over havet, lågaste punktet i kommunen er på 814 moh.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]