Mats Dæhli

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Mats Dæhli


Statsborgarskap Noreg
Fødd 2. mars 1995 (29 år)
Oslo
Idrett fotball

Mats Møller Dæhli (fødd 2. mars 1995) er ein norsk fotballspelar frå Oslo som sidan 2024 spelar for Molde Fotballklubb. Perioden 2013-23 har han delteke i 36 av Noregs landskampar og skåra 2 mål.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Klubbspel[endre | endre wikiteksten]

Dæhli debuterte på FK Lyn i 2011. Etter halvtanna år i ungdoms-avdelinga til Manchester United, spelte han haustesongen 2013 for Molde FK. Han vart bytta inn på laget då Molde vann NM-finalen 2013 med 4-2 over Rosenborg BK. Frå januar 2014 og ut året gjorde han teneste i Cardiff City, ein klubb som våren -14 rykte ned frå Premier League. I 2015 og -16 spelte han på tyske SC Freiburg, også her var han med på nedrykk frå øvsteligaen. Ein skade kom elles til å setje preg på mykje av opphaldet i Freiburg. Frå vinteren 2017 til ut 2019 spelte Dæhli for FC St. Pauli på nivå 2 i tysk seriefotball. I januar 2020 vart han overført til den belgiske toppklubben KRC Genk og eit tilvære som benkeslitar. Sidan januar 2021 er han tilbake på tysk nivå 2, då med FC Nürnberg.

Landslagsspel[endre | endre wikiteksten]

Dæhli fekk sin landslagsdebut 15. november 2013 i ein kamp som enda med tap 1–2 mot Danmark. Han skåra sitt einaste landslagsmål då Noreg den 10. oktober 2014 slo Malta 3–0. På landslaget har han heile vegen oftast vore innbytar.

Merittar[endre | endre wikiteksten]

  • Noregsmeister: 2013 med Molde FK

Kjelder[endre | endre wikiteksten]