Malta

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Repubblika ta' Malta
Republic of Malta

(norsk: Malta, maltesisk)

Det maltesiske flagget Det maltesiske riksvåpenet
Flagg Riksvåpen
Nasjonalsong «L-Innu Malti»
Motto Ukjent
Geografisk plassering av Malta
Offisielle språk Maltesisk og engelsk
Hovudstad Valletta
Styresett
Republikk
George Abela
Lawrence Gonzi
Flatevidd
 – Totalt
 – Andel vatn
 
316 km² (188.)
Ubetydeleg
Folketal
 – Estimert (2017)
 – Tettleik
 
416 338 (171.)
1 317,5 /km² (6.)
Sjølvstende
Frå Storbritannia
21. september 1964
Nasjonaldag 21. september
BNP
 – Totalt (2015)
 – Per innbyggjar
 
11 870 mill. USD (149.)
28 700 USD (45.)
Valuta Euro
Tidssone UTC +1
Telefonkode +356
Toppnivådomene .mt


Malta er ei øy og ein liten og tett befolka republikk i Middelhavet sør for Sicilia. Dei offisielle språka på Malta er maltesisk og engelsk. Den katolske kyrkja står svært sterkt på Malta og dei fleste av innbyggjarane er medlemmer av denne. Malta har vore ein del av mange ulike statar, sist ein del av Det britiske imperiet. Malta vart sjølvstendig i 1964 og medlem av EU i 2004.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Kart over Malta
Satellittbilete av Malta
For meir om dette emnet, sjå Maltesisk geografi.

Topografi[endre | endre wikiteksten]

Øygruppa Malta har seks øyar. Øya Malta, Gozo og Comino er dei tre største, og er alle folkesette, medan dei tre små øyane Cominotto, Filfla og St. Paul er utan fast folkesetnad. Malta er den største av øyane, om lag 27 km lang og om lag 14 km på det breiaste. Gozo er tilsvarande 14 km lang og 7 km brei, Comino er berre 2,6 kvadratkilometer. Landskapet på malta er prega av låge åsar med terassejordbruk. Det høgaste punktet Ta' Dmejrek på Malta er 253 meter høgt.

Sidan 1993 har Malta vore delt inn i 68 kommunar.

Klima[endre | endre wikiteksten]

Malta har eit middelhavsklima (Köppen si klimaklassifisering Csa), med milde, regnfulle vintrar og varme, tørre somrar. Plantene går aldri i dvale, sjølv om planteveksten kan stoppe opp i kort periodar under unormalt kalde vintrar og tørre, varme somrar kan få plantene til å visne. Det er i røynda berre to årstider på øyane og dei er derfor populære turistmål i dei tørre månadane. Kraftig vind om våren kan derimot kjennast kald ut på Malta.

Vassforsyningane er eit problem på Malta sidan sommaren både er utan regn og den tida på året med størst vassforbruk. Regnet om vinteren kjem ofte i form av kraftige regnbyger der vatnet renn rett ut i havet og ikkje samlar seg opp på overflata. Malta er avhengig av grunnvatn for å få ferskvatn.

I januar 2007 valde International Living Malta som det landet med best klima i heile verda.[1]

Den lågaste temperaturen nokon gong vart registert i januar 1905 med 1,1 °C. Den høgaste temperaturen nokon gong er på 43,8 °C i august 1999. Snø er så godt som ukjend på Malta, men det vart registrert snøflak i lufta i februar 1895, januar 1905 og mars 1949.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Ħaġar Qim Tempel, Qrendi, Malta

Malta har vore folkesett sidan ca. 5200 fKr. Ein betydeleg neolittisk kultur utvikla seg på øyane før pyramidene i Egypt vart bygd, og talrike minnesmerke frå denne kulturen finst rundt omkring i landskapet. Fønikarane koloniserte øyane ca. 1000 f.Kr., og brukte dei som utgangspunkt for vidare ekspansjon i det vestlege Middelhavet.

Økonomi[endre | endre wikiteksten]

Viktige næringar på Malta er elektronikk og tekstilindustri og turisme.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Verdas beste klima, arkivert frå originalen 11. august 2008, henta 3. februar 2008 
Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Malta
Spire Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.