Matthías Jochumsson

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Matthías Jochumsson.

Matthías Jochumsson (11. november 183518. november 1920) var ein islandsk forfattar.

Han var fødd på garden Skógar som låg omtrent 100 meter frå havet i den austlege skråninga ned mot Þorskafjörður, under Vaðalfjöll. Saman med foreldra sine budde han der på garden til han var 11 år. Matthías dreiv sidan med ymse arbeid, men mest på sjøen og med gardsarbeid, men òg med handel på Flatey. Matthías byrja på latinskolen da han var 24 år gammal.

Matthías Jochumsson har skrive mange soger og dikt, som til dømes skodespelet Skugga-Sveinn og salmen Lofsöngur som seinare vart tonesett og vart til Islands nasjonalsong. Han omsette Frithiofs saga [1] og Feltskjærens forteljingar til islandsk. Han var ei stund redaktør for Þjóðólfur. Siste delen av livet budde han på SigurhæðirAkureyri, der han sjølv bygde seg hus. Før dette var han prest i Oddi i Rangárvellir og ei tid budde han i MóarKjalarnes. Det står eit monument over Matthías på Skógar og på Sigurhæðir på Akureyri er det eit museum til minne om han.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Z.Topelius, Fjórða saga herlæknisins: Maður hafnar hamingju sinni, Rafbókavefurinn, 31/3-2015..