Matthias Conrad Peterson

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Matthias Conrad Peterson
Mathias Conrad Peterson.jpg
Nasjonalitet Dansk-norsk
Fødd 21. september 1761
Schleswig i tidlegare Sønderjylland, Danmark
Død

14. februar 1833 (71 år)
Trondheim

Yrke Kjøpmann og pressemann

Matthias Conrad Peterson (fødd 21. september 1761 i Schleswig, død 14. februar 1833 i Trondheim)[1] var ein danskfødd kjøpmann og pressemann som virka i Trondheim. Han er kjent som den første som feira grunnlovsdagen 17. mai offentleg.[2][3]

Peterson var son av ein skomakar og vaks opp i enkle kår. I 1782 kom han med skip til Trondheim og her blei han resten av livet. I starten arbeidde han ved ymse handelsverksemder fram han i 1818 fekk eige handelsløyve. Peterson tok aktivt del i forretningslivet i Trondheim; han var initiativtakar til byens børsliv og fekk plats i direksjonen i Noregs Bank da den vart stifta i 1816. I tillegg leverte han stadig artiklar til Adresseavisen. Han blei tilsett som redaktør i avisa i 1795.[2]

17. mai-feiring[endre | endre wikiteksten]

I 1815 tok Peterson initiativ til feiring av 17. mai i Trondheim. Han ville gjere 17. mai til ein stor nasjonal festdag. I 1824 skreiv han i Adresseavisen:

«Hvor viktig maa ikke Anledningen til saadan en aarlig Fest blive for den tilvoxende Ungdom!»

I 1826 gjekk tusenvis i tog frå Ilevollen i Trondheim, og toget vart òg eit høgdepunkt i feiringa i 1827.[3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Matthias Conrad Peterson i Norsk biografisk leksikon
  2. 2,0 2,1 Matthias Conrad Peterson frå Trondheim.no (Vitja 12. mai 2014)
  3. 3,0 3,1 Stein Erik Kirkebøen: «Kampen om toget» – Aftenposten 16.mai. 2008 (Vitja 12. mai 2014)