Mau-mau-opprøret

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Mau-mau-opprøret frå 1952 til 1957 var ein oppstand retta mot det britiske kolonistyret i Kenya. Deltakarane var stort sett frå kikuyu-folket, og dreidde seg opphavleg om at kvite nybyggjarar fekk meir jord enn svarte bønder i det sentrale høglandet i Kenya. Til slutt vart oppstanden slegen ned av britane, og sivilfolket vart hardt ramma.

Den væpna kampen til Mau-mau-rørsla byrja etter at fleire fredelege henvendelsar om rasistisk forfordeling av jord hadde vorte oversedde. I oktober 1952 erklærte britane unntakstilstand og sende troppar til landet. Den moderate nasjonalisten Jomo Kenyatta vart arrestert, skulda for å ha stått bak oppreisten, og dømd til sju års fengsel. Dei politiske organisajonane i landet vart forbodne og unntakstilstanden vart ikkje oppheva før i 1962. For Kenya var oppstanden likevel starten på ei utvikling som enda med sjølvstendet 12. desember 1963. Jomo Kenyatta vart første fritt valde leiaren i landet.

Britane bruka mellom anna tvangsdeportasjonar som verkemiddel for å slå ned opprøret. I tillegg vart mange kikyuyar sperra inne i leirar der fangar ofte vart mishandla og somtid avretta. Titusenvis — kanskje så mykje som hundre tusen — fangar døydde av utmatting, sjukdom, svolt og brutalitet, ifølgje historikaren Caroline Elkins i boka Britain's Gulag – The Brutal End of Empire in Kenya (Pimlico 2005). Omfanget av dette har i stor grad vore halde skjult, mellom anna fordi dei britiske styresmaktene i landet øydela dei fleste arkiva sine.

Opprørsleiaren Dedan Kimathi vart teken til fange i 1956 og hengd i 1957. Sjølv om mau-mau-rørsla da var militært overvunnen, vart leirane verande i drift til 1959. Dei vart stengde da noko av sanninga om tilhøva var i ferd med å bli kjend i Storbritannia, og somme av Labour-representantane i Parlamentet tok opp saka.

Det nøyaktige talet på offer er ikkje kjent. På britisk side døydde 63 soldatar og 33 nybyggjarar, i tillegg til om lag 500 afrikanske soldatar i britisk teneste. Over 1 000 motstandsfolk vart avretta av britane. Kor mange som døydde under tvangsdeportasjonane og i leirane kan det berre gjevast anslag over. Anslaga varierer frå ca 50 000 (tysk wikipedia) til kanskje hundre tusen eller meir (Elkins).

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Caroline Elkins: Britain's Gulag – The Brutal End of Empire in Kenya, Pimlico 2005, ISBN 1-84413-548-9

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

  • David Anderson: Histories of the hanged. The dirty war in Kenya and the end of Empire. Norton, New York 2005, ISBN 0-393-32754-X.
  • Robert Buijtenhuijs: Mau Mau, 20 years later. The myth and the survivors. Mouton, Den Haag 1973.
  • A. S. Cleary: The myth of Mau Mau in its international context. In: African Affairs, Jg. 89 (1990), Heft 4, S. 227-245.
  • Wunyabari O. Maloba: Mau Mau and Kenya. Currey, Oxford 1998, ISBN 0-85255-745-0.
  • David Njeng'ere: Dedan Kimathi. Leader of Mau Mau. Saga Sema Publications, Nairobi 2003, ISBN 9966-951-18-0.
  • Carl G. Rosberg, John Nottingham: The Myth of Mau Mau. Nationism in Kenya. Praeger, New York 1966.
  • Caroline Elkins. Imperial Reckoning: The Untold Story of Britain's Gulag in Kenya. ISBN 0-8050-8001-5.
  • Wunyabari O. Maloba. Mau-Mau and Kenya: An Analysis of a Peasant Revolt. ISBN 0-253-21166-2.
  • Zoe Marsh & G.W. Kingsnorth (1972). A History of East Africa. Cambridge University Press. ISBN 0-521-08348-6.
  • John Newsinger, "Revolt and Repression in Kenya: The 'Mau Mau' Rebellion, 1952-1960," Science and Society 45 (1981): 159–185
  • Ngugi wa Thiong'o (1967). A Grain of Wheat. ISBN 0-435-90987-8.
  • Henderson, Ian; with Philip Goodhart (1958). The Hunt for Kimathi. London: Hamish Hamilton.
  • John Lonsdale (1990) "Mau Maus of the Mind: Making Mau Mau and Remaking Kenya", The Journal of African History 31 (3): 393-421.