Rasisme

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Rasisme er menneskesyn, politikk eller ideologi som går inn for rasediskriminering, og som med uvitskapleg bruk av raseomgrepet ofte blir nytta til å rettferdiggjera rasehat og underkuing av andre folk og folkeslag.[1]

Forbod mot rasisme[endre | endre wikiteksten]

Den europeiske menneskerettskonvensjonen (EMK) slår fast at menneskerettane gjeld uavhengig av mellom anna rase.[2] EMK Artikkel 14 har eit forbod mot diskriminering, mellom anna på grunn av rase. [3]

I Noreg er diskriminering på grunnlag av etnisitet, nasjonalt opphav, avstamming eller hudfarge forbode ved lov.[4] Positiv særbehandling for å fremje likestilling er likevel tillatt. Om nokon blir dømd for å ha utøvd grov vald eller grovt skadeverk, vil straffa bli skjerpa dersom brotsverket er rasistisk motivert.[5][6]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]