Maurits Hansen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Mauritz Hansen)
Hopp til navigering Hopp til søk
Maurits Hansen
Maurits Hansen.jpg
Fødd 5. juli 1794
Modum
Død

16. mars 1842
Kongsberg

Yrke skribent, pedagog

Maurits Christopher Hansen (5. juli 179416. mars 1842) var ein norsk poet, forfattar, lærebokforfattar, lærar og skulestyrar frå opplysingstida og romantikken.

På fleire område var Hansen langt framom samtida si: han skreiv det som kan vere den første kriminalforteljinga i verda, han tok i bruk litterære teknikkar som først seinare blei tatt opp igjen, til dømes av Henrik Ibsen, han var ein pionér i arbeidet for at jenter skulle få ta høgare utdanning, og han var langt framom si tid med et framlegg om å forenkle den norske grammatikken.

Liv[endre | endre wikiteksten]

Maurits Hansen blei fødd i Modum der faren, Carl Hansen (1757–1826), var residerande kapellan. Mora heitte Abigael Wulfsberg (1758–1823). Familien flytta til Porsgrunn året etter Maurits var fødd, og frå 1806 budde dei i Skedsmo – faren var sokneprest begge stadene. Frå 1809 gjekk Hansen på Kristiania katedralskole. Han tok examen artium i 1814 og skreiv seg inn på universitetet i Kristiania for å studere språk og estetikk, men på grunn av skral økonomi måtte han arbeide for føda og gav snart opp studiane. I 1815 blei han lærar ved Borgerskolen i Kristiania. Året etter fekk han ein betre lærarpost ved Krigsskolen, her var han òg bibliotekar nokre år.

20. oktober 1816 gifta han seg med lærarinna Helvig Leschly (23. april 1789 – 26. februar 1874). Saman oppretta dei ein høgre undervisningsinstitusjon for jenter som dei dreiv i to år. Etter dette blei Maurits Hansen lærar ved Trondhjems borgerlige realskole, og etter fem år her fekk han ein adjunktpost ved katedralskolen i Trondheim. I 1826 blei han tilsett som styrar for middelskolen i Kongsberg. Her òg dreiv han og kona ein skole for jenter. Blant anna underviste han dottera Johanne Katrine med tanke på å føre henne fram til examen artium, men han levde ikkje lenge nok til at ho fekk tatt eksamen. Hadde ho gjort det ville ho blitt den første kvinnelege artianar i Noreg, i staden gjekk det førti år før Cecilie Thoresen blei det (1882).

Ei tid var Hansen redaktør av Morgenbladet sitt «estetiske søndagsnummer», seinare av magasinet Den norske Huusven. Han var òg medredaktør i Billed-Magazin for Børn.

Lærebøker og skjønnlitteratur[endre | endre wikiteksten]

Hansen hadde ein stor produksjon av både sakprosa og skjønnlitteratur.

Han var lærebokforfattar og skreiv ein stor grammatikk for det norske språket. I det femte opplaget (1856) hadde han utarbeidd ein så radikalt forenkla grammatikk at endringsforslaga ikkje blei gjennomførte før utover på 1900-talet.[1]

Den skjønnlitterære forfattargjerninga til Hansen starta med Digtninger (1816), ei samling lyriske og forteljande dikt som òg inneheldt ei lita brevforteljing, «Emil». Langt seinare kom han tilbake som lyrikar og «idylldiktar» med Norsk Idylkrands (Christiana, 1831).

Hansen blir rekna som skaparen av den norske romanen, og han skreiv den første bondeforteljinga, Luren (1819). Hansen skreiv dessutan det som kan vere den første kriminalforteljinga i verda: Mordet på maskinbygger Roolfsen. Kriminalanekdote fra Kongsberg (1839). Boka kom ut to år før Edgar Allan Poe si The Murders in the Rue Morgue, som til vanleg blir rekna som verdas første eigentlege litterære krimgåte.

Det var som novellediktar Maurits Hansen nådde lengst, han var den viktigaste norske forfattaren mellom diktarane i Det Norske Selskab og Henrik Wergeland.[1] Hansen var godt orientert om dei romantiske straumdraga i Europa på si tid og var påverka av Friedrich de la Motte Fouqué og sir Walter Scott. I løpet av 20 år skreiv Hansen 80 kortare forteljingar med ei vid spennvidde i temaval: frå krim over realistiske samtidsskildringar til gotiske og overnaturlege forteljingar.

Henrik Ibsen lærte den retrospektive forteljarteknikken[2] sin frå verka til Maurits Hansen.[1][3]

Verk i utval[endre | endre wikiteksten]

Skjønnlitteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Digtninger (1816)
  • Othar af Bretagne (1819), gjenutgitt 1994: ISBN 82-7488-042-0
  • Keadan eller Klosterruinen (1825)
  • Den norske Huusven (1827)
  • Eventyret ved Rigsgrændsen (1828)
  • Norsk Idyllekrands, 1831
  • Jutulskoppen. En norsk Kriminal-Fortælling (1836)
  • Samlede Noveller (1837)
  • Den Forskudte (1838)
  • Mordet paa Maskinbygger Roolfsen (1839-40), gjenutgitt 2004: ISBN 82-05-23928-2
  • Tone (1843)
  • Mauritz Hansens Noveller og Fortællinger, 8 bd. (1855-58)
  • Brødrene (1866)

Lærebøker[endre | endre wikiteksten]

  • Forsøg til en Grammatik i Modersmaalet (1822)
  • Practisk Veiledning i Modersmaalet (1825)
  • Kortfattet latinsk lexikon (1831)
  • Omrids af Geographien til Brug for Begyndere, især i Borger- og Almueskoler (1831)
  • ABC instructif four apprendre aux enfans les elemens de la langue francaise (1833)
  • Systematisk fremstilling af det latinske sprogs combinationslære (1834)
  • Skolegrammatik i det franske Sprog (1834)
  • Almindelig Verdenshistorie fra de ældste indtil vore Tider (1838)
  • Julies Brevsamling. Praktisk Veiledning til Brevstil for unge Fruentimmer (1840)

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 Store norske leksikon: Maurits Hansen
  2. Retrospektiv forteljarteknikk er eit litterært grep der hendingar frå fortida blir avslørt litt om litt og forklarar hendingar i nåtid.
  3. Beyer, Edvard (red.): Norges litteraturhistorie, bind 2, s. 69-70.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Nils Nordberg: Døden i kiosken. Knut Gribb og andre heftedetektiver.
  • Edvard Beyer (red.): Norges litteraturhistorie. Bind 2. Oslo 1991
  • Willy Dahl: Norges litteratur I: Tid og tekst 1814-1884, Oslo 1981
  • Willy Dahl: «Forord» i: Maurits Hansen: Mordet paa Maskinbygger Roolfsen, Oslo 1978
  • C. N. Schwach: Maurits Hansens Noveller og Fortællinger, bind 1 - 8, Christiania 1855-58
  • Maurits Hansen som forteller. En studie av fortellemåter, språk og stil i de første romaner fra norsk miljø etter 1814 av Olaf Øyslebø Solum Forlag 2001

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]