Porsgrunn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Denne artikkelen handlar om byen Porsgrunn. For kommunen, sjå Porsgrunn kommune. For tettstaden, sjå Skien/Porsgrunn.
Koordinatar: 59°08′25.9″N 9°39′22.0″E
Skien
By
none  «Øssida» i Porsgrunn, med Porsgrunnelva i framgrunnen.
«Øssida» i Porsgrunn, med Porsgrunnelva i framgrunnen.
Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Telemark
Kommune Porsgrunn
Koordinatar 59°08′25.9″N 9°39′22.0″E
Areal 20,69 km²
 - storbyområde 52,57 km²
Folketal 33 346 (2015)
 - storby 91 737
Folketettleik 1 745 / km²
Preposisjon i Porsgrunn
Wikimedia Commons: Skien
Nettstad: www.porsgrunn.kommune.no

Porsgrunn er ein by og administrasjonssenter i Porsgrunn kommune i Telemark fylke. Byen ligg ved den nedste delen av Porsgrunnselva og utgjer den delen av tettstaden Skien/Porsgrunn som ligg i Porsgrunn kommune. Porsgrunndelen av denne tettstaden har 33 346 innbyggjarar (2015).[1]

Vestsida i Porsgrunn.

Byen ligg om lag fem kilometer frå E 18 og aust for elva går riksveg 36. Det er samband med jernbane austover gjennom Vestfoldbanen og nordover til Nordagutu gjennom Sørlandsbanen. Det er også gode samband via sjøvegar.

Porsgrunn har ei avdeling av sjukhuset Telemark. Byen har også vidaregåande skolar og Høgskolen i Telemark med teknologiske fag og helsefag. På Eidanger om lag fire kilometer frå sentrum er det ein folkehøgskole, Grenland Folkehøgskole, med idretts- og reiselinjer.

Byskildring[endre | endre wikiteksten]

Byen ligg på begge sidene av den nedre delen av Porsgrunnselva, og strekker seg til Eidanger kyrkje i søraust. Den eldste og største delen av byen ligg på austsida. Her er sentrum i byen, med rådhus, museum og forretningsstrøk.

Ei klaffebru bind aust- og vestsida saman over elva, og brua opnar seg for båttrafikk. Nedanfor brua er det industriverksemder, nokre med eigne kaier. I byen ligg kyrkjene Østre Porsgrunn kyrkje og Vestre Porsgrunn kyrkje.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Statistisk sentralbyrå Folkemengd og areal, 1. januar 2015.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]