Masoviske voivodskap

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Mazowieckie)
Masoviske
voivodskap
Flagg
Symbol
Land  Polen
Hovudstad Warszawa
Areal 35 566 km²
Folketal 5 492 000 (31. mars 2011)
Kart
Masoviske voivodskap
52°20′00″N 21°06′00″E / 52.333333333333°N 21.1°E / 52.333333333333; 21.1
Kart over fylka i voivodskapet.
Kart over fylka i voivodskapet.
Kart over fylka i voivodskapet.
Wikimedia Commons: Masovian Voivodeship

Masoviske voivodskap (polsk Województwo mazowieckie eller berre Mazowieckie) er den største og mest folkerike av dei 16 voivodskapa i Polen. Det ligg sentralt i landet og har eit areal på 35 566 km² og 5,5 millionar innbyggjarar. Den største byen er Warszawa (1,7 mill) og andre store byar er Radom (226 000) i sør, Płock (127 000) i vest, Siedlce (77 000) i aust og Ostrołęka (55 000) i nord. Warszawa er hovudstad både i voivodskapet og i landet.

Historie og geografi[endre | endre wikiteksten]

Voivodskapet vart oppretta 1. januar 1999 av dei tidlegare voivodskapa Warszawa, Płock, Ciechanów, Ostrołęka, Siedlce og Radom. Provinsen har namn etter den historiske regionen Mazowsze (stundom kalla Masovia på andre språk). Den sørlege delen av voivodskapet med byen Radom høyrer historisk til Malopolska.

Det grensar til seks andre voivodskap, Ermelandskmasuriske i nord, Podlasie i nordaust, Lublin i søraust, Święty Krzyż i sør, Łódź i sørvest og Kujaviskpommerske i nordvest.

Byar og landsbyar[endre | endre wikiteksten]

Voivodskapet inneheld 85 byar og landsbyar. Folketala i lista under er frå 2006[1]):[daud lenkje]

1. Warszawa (1 700 536)
2. Radom (226 372)
3. Płock (127 307)
4. Siedlce (77 047)
5. Pruszków (55 387)
6. Ostrołęka (53 758)
7. Legionowo (50 698)
8. Ciechanów (45 902)
9. Otwock (43 247)
10. Żyrardów (41 161)
11. Sochaczew (37 925)
12. Mińsk Mazowiecki (37 808)
13. Piaseczno (37 508)
14. Wołomin (36 711)
15. Mława (29 702)
16. Nowy Dwór Mazowiecki (27 545)
17. Grodzisk Mazowiecki (27 055)
18. Wyszków (27 010)
19. Ząbki (24 422)
20. Marki (23 376)
21. Piastów (23 273)
22. Ostrów Mazowiecka (22 560)
23. Płońsk (22 233)
24. Pionki (19 788)
25. Pułtusk (19 229)
26. Gostynin (19 119)
27. Sierpc (18 791)
28. Sulejówek (18 676)
29. Kozienice (18 541)

30. Sokołów Podlaski (18 419)
31. Józefów (18 353)
32. Kobyłka (17 897)
33. Zielonka (17 180)
34. Przasnysz (17 069)
35. Konstancin-Jeziorna (16 579)
36. Garwolin (16 072)
37. Łomianki (15 744)
38. Milanówek (15 660)
39. Grójec (14 990)
40. Węgrów (12 606)
41. Błonie (12 259)
42. Szydłowiec (12 030)
43. Brwinów (11 968)
44. Góra Kalwaria (11 130)
45. Warka (11 028)
46. Karczew (10 396)
47. Maków Mazowiecki (9 880)
48. Żuromin (8 647)
49. Ożarów Mazowiecki (8 237)
50. Zwoleń (8 176)
51. Radzymin (7 864)
52. Nasielsk (7 364)
53. Białobrzegi (7 320)
54. Tłuszcz (7 283)
55. Łosice (7 252)
56. Łochów (6 452)
57. Przysucha (6 245)
58. Mszczonów (6 231)

59. Lipsko (5 826)
60. Iłża (5 165)
61. Łaskarzew (4 908)
62. Raciąż (4 752)
63. Pilawa (4 196)
64. Gąbin (4 137)
65. Żelechów (4 016)
66. Skaryszew (3 989)
67. Tarczyn (3 886)
68. Nowe Miasto nad Pilicą (3 832)
69. Podkowa Leśna (3 824)
70. Serock (3 721)
71. Halinów (3 369)
72. Zakroczym (3 367)
73. Glinojeck (3 052)
74. Myszyniec (3 014)
75. Drobin (2 980)
76. Kałuszyn (2 905)
77. Chorzele (2 783)
78. Wyszogród (2 772)
79. Różan (2 661)
80. Mogielnica (2 461)
81. Kosów Lacki (2 135)
82. Bieżuń (1 874)
83. Brok (1 859)
84. Mordy (1 840)
85. Wyśmierzyce (889)

Administrativ inndeling[endre | endre wikiteksten]

Masoviske voivodskap er delt inn i 42 fylke (powiat), der det er 5 byfylke og 37 landfylke. Desse er igjen delt inn i 314 gmina eller kommunar, der 85 av desse er urbane.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Masoviske voivodskap