Meghna

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Utsyn over Meghna.
Foto: Mashroor Nitol

Meghna (মেঘনা) er ei større elv i Bangladesh og ein viktig del av Gangesdeltaet. Byrjinga av elva ligg i eit tidlegare Brahmaputra-leie der ho blir danna ved at Surma og Kushiyara renn saman sør for Bhairab Bazar. Elva renn nesten heilt rett sørover og tek imot vatn frå Padma (Ganges) og Djamuna (Brahmaputra) i nærleiken av Chandpur. Ho munnar ut i Bengalbukta i Det indiske havet. Løpet er rundt 25 mil langt og er 12 km brei på det breiaste, nær munningen.

Hovudelvane i Bangladesh, mellom anna Meghna.
Satellittbilde av Gangesdeltaet med Meghna som den breiaste elva, til høgre.

I tillegg til Ganga og Brahmaputra er andre viktige bielvar til Meghna Dhaleswari, Gomati (Gumti) og Feni. Ved Ghatalpur i Brahmanbaria-distriktet skil elva Titas seg frå hovudelva og buktar seg i 240 km før ho renn saman med Meghna att ved Nabinagar Upazila. Ei rekkje mindre elvar som Pagli, Katalia, Dhonagoda, Matlab og Udhamodi har liknande løp. Elva ber med seg over 1 000 km³ vatn og rundt 1 500 millionar tonn sediment årleg.

Elva har ei tidvassbølgje som kan nå opptil 6 meter ved springflod. Eit anna særmerke er fargen på vatnet etter tilføringa frå Padma. Det brune, mudrete vatnet frå Padma blandar seg ikkje med ein gong med det klare vatnet i Meghna, slik at elva er tofarga.

Elva er djup og farbar, men rasktflytande og farefull. Ho deler seg fleire gonger i skiftande leie og sandbankar. Der sideelvar renn tilbake til hovudløpet kan det danna seg kraftige virvelstraumar, særleg i monsuntida. Av fleire båtulukker kan nemnast ferjene MV «Dinar», MV «Salahuddin-2» og MV «Nasrin-1» som forliste i 1994, 2002 og 2003. Kvar gong drukna fleire hundre menneske. Elva kan også gje store flaumar, og fleire stader er det bygd dike for å verna områda rundt.

Meghna har fire hovudmunningar — frå vest Tetulia (Ilsha), Shahbazpur, Hatia og Bamni.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Koordinatar: 22°38′35″N 90°48′57″E