Melanie Chisholm

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Melanie Chisholm
Melanie C at The Brook Southampton.jpg
Melanie C opptrer i desember 2014.
Verkeleg namn Melanie Jayne Chisholm
Alias Melanie C
Mel C
Sporty Spice
Fødd 12. januar 1974 (44 år)
Whiston i Merseyside
Sjanger Pop, dansepop, poprock
Aktive år 1994 til i dag
Yrke songar, låtskrivar, skodespelar, forretningskvinne
Tilknytte artistar Spice Girls, Bryan Adams
Plateselskap Virgin Records
Red Girl Records
Nettside MelanieC.net

Melanie Jayne Chisholm (fødd 12. januar 1974), betre kjent som Melanie C eller berre Mel C, er ein engelsk songar, låtskrivar, forretningskvinne, skodespelar og TV-personlegdom. Ho er ein av dei fem medlemmane i bandet Spice Girls, der ho hadde kallenamnet «Sporty Spice».

Med Spice Girls har Chisholm selt over 100 millionar plater i heile verda.[1] Som soloartist har ho selt over 20 millionar plater.[2][3][4] Den første songen ho gav ut var ein duett med Bryan Adams, «When You're Gone». I 1999 gav ho ut det første studioalbumet sitt, Northern Star, som har vorte selt i 4 millionar eksemplar. Chisholm har gjeve ut fem andre album og har vorte nominert til både Brit Awards og musikkprisen ECHO. Ho er i dag den kvinnelege artisten med nest flest førsteplass-singlar i Storbritannia.

Personleg liv[endre | endre wikiteksten]

Chisholm har vore open om kampen sin med klinisk depresjon[5] og spiseforstyrringar, som ho har opplevd fleire gonger i løpet av livet sitt.[6] Den yngre halvbroren hennar, Paul O'Neill, er ein racerførar.

Chisholm var i eit forhold med eigedomsutviklaren Thomas Starr. Chisholm fødte ei dotter, Scarlett, den 22. februar 2009 på Portland Hospital i London.[7]

Chisholm er òg ein tilhengar av Liverpool FC. Ho har 12 tatoveringar.[8]

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Simon Fuller and Judy Craymer plan Spice Girls musical». BBC News. 21. januar 2010. Henta 26. oktober 2011. 
  2. Anna Matheson (24. februar 2016). «Mel C shares her diet and fitness secrets (and you can try them at home!)». Good to Know. 
  3. «Spice Girls». This Day in Music. 
  4. «Melanie C». Peer Music. 
  5. «Mel C 'depressed'». BBC. 18. desember 2007. 
  6. «Sporty Spice battles with eating disorders and depression». Contact Music. 18. desember 2007. 
  7. «Spice Girl Mel C has a baby girl». BBC. 
  8. "Lucky Number 11", Perez Hilton hjemmeside.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Melanie Chisholm
Spire Denne musikkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.