Melbyfjorden

Koordinatar: 58°57′18″N 9°38′16″E / 58.9550°N 9.6378°E / 58.9550; 9.6378
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

58°57′18″N 9°38′16″E / 58.9550°N 9.6378°E / 58.9550; 9.6378 Melbyfjorden er ein liten fjord i Bamble kommune i Telemark. Han strekkjer seg litt over 2 km frå Lilleatlanteren ved innløpet til Brevikstrandfjorden og sørvestover mot Kjønnøya. Melby, som har gjeve namn til fjorden, ligg på fastlandet like nord for fjorden. På andre sida av Kjønnøya ligg Trosbyfjorden.

Havneholmane ligg i Melbyfjorden og er ein del av Skjergardsparken i Bamble. Her ligg det fleire forankringsstader for småbåtar.

Spire Denne geografiartikkelen som har med Telemark å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.