Trosbyfjorden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 58°56′43″N 9°36′22″E Trosbyfjorden er ein liten fjord heilt sør i Bamble kommune. Han strekkjer seg litt over 2 km frå innløpet mellom Kjønnøya og Rødlandet på fastlandet og inn til Trosby.

I vestlege delar av fjorden ligg Sandvika og Sekkekilen. Her låg det truleg ei kaparhamn (sjørøvarhamn) for norske kaparskip under napoleonskrigane på byrjinga av 1800-talet. På denne tida var Danmark-Noreg alliert med Frankrike og svenske og britiske skip hadde danna blokkader langs norskekysten. Rike familiar finansierte då bygging av norske kaparskip for å gå til åtak på svenske og britiske handelsskip i Skagerrak og Nordsjøen. Hamna i Trosbyfjorden hadde trestokkar under vassoverflata for å hindre fiendtlege skip i nå inn i fjorden.[1]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Fant sjørøverhavn i fjorden». Aftenposten. Henta 22. februar 2008.