Melchior Vulpius

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Melchior Vulpius
Fødd1570
FødestadWasungen
Død7. august 1615 (45 år)
DødsstadWeimar
OpphavTyskland
Verka somkomponist
Byrjinga av Matteuspasjonen av Melchior Vulpius med tekst på finsk og svensk.

Melchior Vulpius (ca. 15707. august 1615), etternamnet latinisert form av Fuchs, var ein tysk protestantisk kyrkjemusikar og komponist.

Vulpius var kantor i Schleusingen fra 1589 til 1596, og sidan bykantor i Weimar.[1] Den første stillinga gav lite økonomisk utbytte, men med stillinga i Weimar, som han hadde i 20 år, var han godt økonomisk stilt. I denne tida gav han ut Kirchegesänge und geistliche Lieder (1604) og Ein scön geistlich Gesangbuch (1609).[1]

Blant melodiane i Ein scön geistlich Gesangbuch (1609) vert fire nytta i koralboka i Den norske kyrkja. Melodien «Christus der ist mein Leben» er nytta til mange salmer, blant dei Norsk salmebok nr 100 «Han stod med strålekransen», vidare nr 171 «Guds kyrkje syng kring vide jord», nr 616 «Anden over vatnet sveiv» og nr 740 «Fagert er landet» («Lobt Gott den Herrn, ihr Heiden all»).

Komposisjonar[endre | endre wikiteksten]

  • Pars prima Cantionum sacrarum 1602
  • Pars secunda selectissimarum Cantionum sacrarum 1603
  • Kirchen Geseng und Geistliche Lieder D. Martini Lutheri und anderer frommen Christen 1604
  • Erster Theil Deutscher Sonntäglicher Evangelien Sprüche 1612
  • Das Leiden und Sterben Unsers Herrn Erlösers Jesu Christi auß dem heiligen Evangelisten Matthäo 1613 (Neuausgabe 1981)
  • Der ander Theil Deutscher Sonntäglicher Ev. Sprüche 1614

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «Melchior Vulpius». Store norske leksikon (på norsk). 25. januar 2023.