Melissa

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jump to navigation Jump to search
Honningbie på ein blome.

Melissa er eit kvinnenamn av gresk opphav. Melissa har namnedag den 13. juli.

Det greske ordet Mέλισσα tyder 'honningbie'. I gresk mytologi var Melissa ei nymfe som tok seg av guden Zevs som liten. Ho blei seinare forvandla til ei honningbie. Melissa er også namnet på ei fe i diktet «Orlando Furioso» av Ludovico Ariosto frå 1516.

Melissa blei teke i bruk som engelsk førenamn på 1700-talet. Bruken tok til å veksa i USA på 1940-talet, og blei særs populært der frå midten av 1960-talet til midten av 1980-talet.

Namneberarar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]