Mellomkyrkjeleg råd

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Berit Hagen Agøy er generalsekretær i Mellomkyrkjeleg råd.
Foto: www.kirken.no

Mellomkyrkjeleg råd for Den norske kyrkja, kort Mellomkyrkjeleg råd, er eit råd innan Den norske kyrkja, oppretta i 1970. Rådet har som oppgåve å samordne og fremje kontakten mellom Den norske kyrkja og kyrkjer utanfor landets grenser, og å ivareta sambandet med dei internasjonale kyrkjelege organa som Den norske kyrkja er medlem i.

Mellomkyrkjeleg råd består av 17 personar:

  • ein representant for kvart bispedømme i Den norske kyrkja
  • ein biskop
  • ein representant for Kyrkjerådet
  • ein medlem vald av Kyrkjemøtet
  • Den norske kyrkja sin representant i Det lutherske verdensforbunds råd
  • Den norske kyrkja sin representant i Kyrkjenes verdsråd
  • ein representant for styret i Kirkens nødhjelp

Valt leiar i Mellomkyrkjeleg råd er Kristine Sandmæl og generalsekretær er Berit Hagen Agøy (2016). Mellomkyrkeleg råd har felles sekretariat med Kyrkjerådet og Samisk kyrkjeråd.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Handbok for sokneråd og kyrkjelege fellesråd 1997 utg. av Kyrkjerådet i samarbeid med Kirkens arbeidsgiverorganisasjon