Kyrkjerådet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Kyrkjerådet er eit utøvande organ for Kyrkjemøtet i Den norske kyrkja, og har til oppgåve å førebu saker for Kyrkjemøtet, setje i verk vedtaka frå Kyrkjemøtet og leie arbeidet mellom samlingane i Kyrkjemøtet.

Kyrkjerådet har 15 medlemmer:

  • 9 ordinære leke medlemmer valde av Kyrkjemøtet
  • 1 lek kyrkjeleg tilsett valt av Kyrkjemøtet
  • 4 prestar valde av Kyrkjemøtet
  • 1 biskop vald av Bispemøtet

Kyrkjemøtet deler sekretariat med Mellomkyrkjeleg råd og Samisk kyrkjeråd.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Kyrkjerådet vart oppretta i 1970. Første leiar var Per Voksø (1970–1978). Deretter følgde Ludvig Johan Bakkevig (1978–1986), Finn Olav Myhre (1986–1990), Oddbjørn Evenshaug (1990–1998), Gunvor Kongsvik (1998–2002), Thor-Bjarne Bore (2002–2006), Nils-Tore Andersen (2006-2010) og Svein Arne Lindø (2010-2016). For tida er Kristine Gunleiksrud Raaum leiar og Jens-Petter Johnsen direktør i Kyrkjerådet.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Handbok for sokneråd og kyrkjelege fellesråd 1997 utg. av Kyrkjerådet i samarbeid med Kirkens arbeidsgiverorganisasjon