Mellomkyrkjeleg råd
Utsjånad
Mellomkyrkjeleg råd for Den norske kyrkja, kort Mellomkyrkjeleg råd, er eit råd innan Den norske kyrkja, oppretta i 1970. Rådet har som oppgåve å samordne og fremje kontakten mellom Den norske kyrkja og kyrkjer utanfor landets grenser, og å ivareta sambandet med dei internasjonale kyrkjelege organa som Den norske kyrkja er medlem i.
Mellomkyrkjeleg råd består av 17 personar:
- ein representant for kvart bispedømme i Den norske kyrkja
- ein biskop
- ein representant for Kyrkjerådet
- ein medlem vald av Kyrkjemøtet
- Den norske kyrkja sin representant i Det lutherske verdensforbunds råd
- Den norske kyrkja sin representant i Kyrkjenes verdsråd
- ein representant for styret i Kirkens nødhjelp
Valt leiar i Mellomkyrkjeleg råd er Kristine Sandmæl og generalsekretær er Berit Hagen Agøy (2016). Mellomkyrkeleg råd har felles sekretariat med Kyrkjerådet og Samisk kyrkjeråd.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Handbok for sokneråd og kyrkjelege fellesråd 1997 utg. av Kyrkjerådet i samarbeid med Kirkens arbeidsgiverorganisasjon