Mentor

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Mentor var i gresk mytologi ein venn av helten Odysseus. Då Odysseus reiste i den den trojanske krigen, overlét han ansvaret for oppsedinga av sonen sin, Telemachos, til Mentor.

Med antikkens Mentor som førebilete, har omgrepet mentor vorte teke i bruk om ein røynd person som hjelper urøynde med løyse ei oppgåve, gjerne i arbeidslivet, ved å gje råd og rettleiing som den meir urøynde har bruk for.