Hopp til innhald

Mercy Otis Warren

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Mercy Otis Warren

Mercy Otis Warren måla av John Singleton Copley.
Pseudonym A Columbian Patriot
Statsborgarskap USA
Fødd 14. september 1728
Barnstable
Død

19. oktober 1814 (86 år)
Plymouth

Yrke skodespelforfattar, historikar, skribent, lyrikar, filosof
Far James Otis, Sr.
Mor Mary Allyn
Ektefelle James Warren
Born Henry Warren
Mercy Otis Warren på Commons

Mercy Otis Warren (14. september 172819. oktober 1814) var ein nordamerikansk forfattar som skreiv dikt, skodespel og sakprosa. Ho utmerkte seg med skrifter om den amerikanske revolusjonen, som er av særleg interesse ettersom ho stod nær mange viktige politiske figurar knytt til revolusjonen. Warren er også blitt omtalt som den første amerikanske kvinna som skreiv for eit større publikum.

Mercy Otis var fødd i BarnstableCape Cod i Massachusetts som dotter av oberst James Otis (1702–1778) og Mary Allyne Otis (1702–1774). Av barneflokken på tretten var ho den tredje i rekkja. Familien var velståande. Aktivisten og statsmannen James Otis, som kjempa mot den britiske stempelloven med slagordet «Taxation without representation is tyranny», var ein av brørne hennar. I 1754 gifta Otis seg med general James Warren, som seinare sat i delststatsforsamlinga i Massachusetts. Dei fekk fem barn.

Mercy Otis Warren hadde ei sterk politisk interesse, og diskuterte saker med ektemannen og andre politikar-ektefellar som Abigail Adams, Martha Washington og Hannah Winthrop (kona til John Winthrop. Ho brevveksla med og rådgav fleire politiske leiarar som Samuel Adams, John Hancock, Patrick Henry, Thomas Jefferson, George Washington og særleg John Adams, som blei ein nær ven og litterær rettleiar. Etter at James Otis blei mishandla av skatteinnkrevjararar for den britiske krona i 1769, gjekk systera meir aktivt ut i kampen som enda med amerikansk sjølvstende.

Tittelbladet til History of the Rise, Progress, and Termination of the American Revolution.

På 1770-talet gav Warren ut fleire politiske satirar. Skodespela The Adulateur (1772) og The Defeat (1773) skildra styret til Rapatio, ein arrogant leiar som var tydeleg basert på den britiske guvernøren i Massachusetts, Thomas Hutchinson. The Group (1775) tok for seg kva som kunne skje om den britiske kongen oppheva The Charter of Massachusetts Bay, som gav området noko sjølvstyre. The Blockheads (1776) og The Motley Assembly (1779), som blei utgjevne anonymt, blir også tilskrivne Warren.

Under den amerikanske revolusjonen byrja Warren det som skulle bli storverket hennar, ei historisk skildring av opptakten til han, sjølve revolusjonen og hendingane etter han. I tida etter revolusjonen arbeidde Warren mot føderalismen som utvikla seg i det sjølvstendige USA, med ei sterkare føderalmakt og ein president som ho og andre anti-føderalistar frykta kunne utvikla seg i retning av ein mektig monark. I 1788 gav ho ut Observations on the New Constitution der ho mælte mot dei føderalistiske tendensane i den amerikanske grunnloven. I 1790 gav Warren ut Poems, Dramatic and Miscellaneous, ei samling som inneheldt dikt og dei to nye skodespela The Sack of Rome og The Ladies of Castille.

Trebandsverket A History of the Rise, Progress, and Termination of the American Revolution kom ut i 1805. Mercy Otis Warren gav ei detaljert og tidvis kontroversiell framstilling av dei politiske hendingane rundt revolusjonen, med mindre vekt på stridshandlingar («military havoc»). Hennar kritiske syn på John Adams si rolle førte til ei hissig brevveksling og brot på vennskapen mellom henne og familien Adams fram til 1812.

Mercy Otis Warren døydde i Plymouth i Massachusetts i 1814, 86 år gammal. Ho blei gravlagd på Burial Hill. Liberty-skipet SS «Mercy Warren» blei kalla opp etter henne under andre verdskrigen, i 1943. I 2002 blei ho teken med i National Women's Hall of Fame i Seneca Falls i New York. Tippoldebarnet hennar Charles Warren blei ein kjend advokat og historikar.


Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Mercy Otis Warren
Wikisource

Originaltekst av Mercy Otis Warren ved Wikisource.