Monarki

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Monark)
Hopp til navigering Hopp til søk
Undersåttar lovsprisar kong Vaclav II av Böhmen i denne illustrasjonen frå Codex Manesse frå 1300-talet.

Monarki kjem frå gresk, og betyr eine-styre, det vil seie at éin monark styrer over eit land. Monarkar kan ha titlar som konge, dronning, keisar, eller keisarinne. Monarkar har i praksis sjeldan styrt aleine, men delt makta si med adelen, sine eigne embetsmenn eller ei folkevald nasjonalforsamling.

I Danmark-Noreg var kongen i prinsippet eineveldig frå 1660 til 1814. Sidan da har vi hatt eit konstitusjonelt monarki, der makta til kongen er blitt gradvis minska. Særleg skjedde dette da parlamentarismen blei innført i Noreg i 1884. Den svensk-norske felleskongen kunne frå da av ikkje utnemne kven han ville til den norske regjeringa. Etter 1905 har Noreg hatt eigen monark. Dette skjedde etter ei folkerøysting der ca. 75 % røysta for monarki og ca 25. % for republikk.

I Politikken av Aristoteles er monarki nemninga på det gode kongedømet, det er det styresettet der éin person styrer ein bystat med alle i staten sitt beste for auga.

Kritikk av monarkiet[endre | endre wikiteksten]

Monarki er grunnleggande udemokratisk, og i mange land med monarki finst det grupper og/eller politiske parti som ynskjer å fjerna monarkiet. Dette er òg tilfellet i Noreg.[1][2] Det er framleis solid fleirtal for monarki i Noreg.[3][4] Den prinsipielle innvendinga til dei som vil avskaffa monarkiet er at det udemokratisk at statsleiaren ikkje vert vald.[5] Ei anna vanleg innvending er at aktørar med mykje pengar kan påverka kongefamilien gjennom gåver, utan at allmugen veit kven desse er, noko som ikkje er foreinleg med openheita som elles vert praktisert i det norske statsapparatet.[6]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Bones, L.E. (6. mars 2001). «Vil ha republikk». Dagbladet.no. 
  2. Aakervik, A. (24. august 2008). «Fire av ti vil ha republikk nå». VG.no. 
  3. Andersen, U.A.; Hansen, F. (4. april 2001). «En av fire ønsker republikk». Dagbladet.no. 
  4. «Bred oppslutning i Stortinget om monarkiet». Aftenbladet. 27. mai 2010. 
  5. Øberg, S.P. (14. oktober 2015). «Rotevatn (V): - Posisjoner og privilegier skal ikke gå i arv i et demokrati». Aftenposten. 
  6. Stanghelle, H. (4. september 2015). «Kronprinsparets taushetsregime er en risikabel seilas». Aftenposten.