Hopp til innhald

Mere Sands Wood

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Mere Sands Wood
naturreservat
Land  England
Kart
Mere Sands Wood
53°38′08″N 2°50′14″W / 53.6355°N 2.83709°W / 53.6355; -2.83709
Wikimedia Commons: Mere Sands Wood

Mere Sands Wood er eit 42 hektar stort naturreservat vest i Lancashire i England, forvalta av The Wildlife Trust for Lancashire, Manchester & North Merseyside. Det ligg om lag 8 km frå Ormskirk.[1] Namnet kjem frå då område strekte seg til breidda av Martin Mere.[1]

Reservatet består av innsjøar, gammal breiblad- og barskog, sandete, fuktige enger og lyngheier.[1] Desse ligg oppå lag av sand og torv som er avleiringar etter den siste istida[1]. Mellom 1974 og 1982 vart det grave ut sand i område for for glasproduksjon.[1] Staden vart omgjort til eit naturreservat då utvinninga var over.[1] Reservatet har status som Site of Special Scientific Interest (stad av særskild vitskapleg interesse) på grunn av geologien her.[1]

  1. 1 2 3 4 5 6 7 «Mere Sands Wood». The Wildlife Trust for Lancashire, Manchester & North Merseyside. Henta 15. september 2009.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]