Meridianbukk
Utsjånad
| Meridianbukk | |
Meridianbukkhoe | |
| Systematikk | |
| Rike: | Dyr Animalia |
| Rekkje: | Leddyr Arthropoda |
| Underrekkje: | Seksfotingar Hexapoda |
| Klasse: | Insekt Insecta |
| Orden: | Biller Coleoptera |
| Familie: | Trebukkar Cerambycidae |
| Slekt: | Stenocorus |
| Art: | Meridianbukk S. meridianus |
| Vitskapleg namn | |
| Stenocorus meridianus | |
Meridianbukk er ei bille i trebukkfamilien. Arten førekjem i Europa nord til Sør-Skandinavia og vest i Sibir, og går hovudsakleg på lauvtre. I Noreg er han truleg tettast knytt til eik, og reknast som sjeldan - berre 4 av totalt 35 funn av arten er gjort etter 1980.
Levesett
[endre | endre wikiteksten]Meridianbukken legg egga sine i jorda, i staden for direkte i ved. Larvane grev seg fram til vertsmaterialet sitt sjølv, og føretrekk daude og rotne røter. Først gneg dei under borken, seinare gneg dei i veden opp mot stubben.
Dei forpuppar seg oftast i jorda, og utviklingstida er minst to år. Vaksne biller er ofte å finna på blomar.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Norges Biller
- Artsdatabanken Arkivert 2010-07-23 ved Wayback Machine.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- (no) Meridianbukk hos Artsdatabanken
- (en) Meridianbukk i Catalogue of Life
- (en) Meridianbukk i Encyclopedia of Life
- (en) Meridianbukk i Global Biodiversity Information Facility
- (sv) Meridianbukk hos Dyntaxa
- (en) Meridianbukk hos Fauna Europaea
- (en) Meridianbukk hos NCBI
- (en) Kategori:Stenocorus meridianus – bilete, video eller lyd på Wikimedia Commons
- (en) Stenocorus meridianus – galleri av bilete, video eller lyd på Wikimedia Commons
- Stenocorus meridianus – detaljert informasjon på Wikispecies