Mesjtsjoralåglandet
Utsjånad
Mesjtsjoralåglandet (russisk Мещёрская низменность, Mesjtsjorskaja nizmennost) er eit stort lågland i den europeiske delen av Russland. Det er kalla opp etter det finsk-ugriske folket mesjtsjra som tidlegare levde her. Området dekkejr delar av Moskva oblast, Vladimir oblast og Rjazan oblast.
Geografi
[endre | endre wikiteksten]Mesjtsjora er ei slette som er om lag forma som ein trekant og som grensar til elvane Oka i sør, Moskvaelva i sørvest, Kljazma frå nord og Sudogda og Kolp i aust. Høgda på sletta varierer mellom 80 og 130 meter.
Ho består av blandingsskog, furuskog i sandete område, med mange våtmarksområde og innsjøar.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Meshchera Lowlands» frå Wikipedia på engelsk, den 4. november 2008.