Oka

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Oka
elv
none  Oka i Nizjnij Novgorod
Oka i Nizjnij Novgorod
Land Flag of Russia.svg Russland
Lengd 1 500 km
Nedslagsfelt 245 000 km²
Middelvassføring 1 300 /s
Munning Volga
Kart over nedslagsfeltetet til Oka i nedslagsfeltet til Volga.
Kart over nedslagsfeltetet til Oka i nedslagsfeltet til Volga.
Wikimedia Commons: Oka River
Oka munnar ut i Volga i Nizjny Novgorod.
Oka i Nizjny Novgorod.
Oka i Moskva oblast, nær Serpukhov.

Oka (russisk Ока́) er ei elv sentralt i Russland og den største sideelva til Volga frå høgre. Ho renn gjennom Orjol, Tula, Kaluga, Moskva, Rjazan, Vladimir og Nizjegorod og nesten heile elva kan nyttast til skipsfart, heilt opp til byen Kaluga. Elva er over 1500 km lang. Den russiske hovudstaden, Moskva, ligg langs ein av sideelvane til Oka, Moskvaelva.

Namn og historie[endre | endre wikiteksten]

Max Vasmer knyt namnet på elva til det gotiske аƕа, gammal høgtysk aha, latinsk aqua, som alle tyder anten «vatn» eller «elv» (jfr. Aa)[1] Oleg Trubatsjev sporer opphavet av namnet tilbake til baltiske språk. Det var det baltiske folket galindiane som levde på vestsida av Oka før slavarane kom hit.

Historisk har elva gjeve namn til Øvre Oka fyrstedøme oppfor Tarusa. Ein av dei største russiske byane Nizjnij Novgorod vart grunnlagd for å verne området der Oka renn ut i Volga. Qasim-khanatet, ein muslimsk stat, okkuperte dei nedre delane av Oka på 1400- og 1500-talet.

Landemerke[endre | endre wikiteksten]

Langs breidda av elva finn ein mange historiske og kulturelle stader, som mellomalderklostera i Murom, moskeane og minaretane i Kasimov, dei festningsliknande kremlane i Kolomna og Serpukhov, minnesmerka over Vasilij Polenov og Sergej Jesenin, dei utgravne ruinane av Gamle Rjazan og Det gamle Sjukhovtårnet.

Prioksko-Terrasnyj biosfærereservat ligg på venstresida av elva overfor byen Pusjtsjino og er kjend som eit område der visentar formeirar seg.

Sideelvar[endre | endre wikiteksten]

Byar ved Oka[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Vasmer's Etymological Dictionary, vol. 3, s. 127.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]