Meskheti
Utsjånad
41°50′26″N 42°39′47″E / 41.84056°N 42.66306°E
| Meskheti | |||
| fjellkjede | |||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Fjellkjede | Litle Kaukasus | ||
| Lengd | 150 km | ||
| Høgd | 2 850 m | ||
![]() Meskheti 41°49′58″N 42°39′41″E / 41.832722222222°N 42.661277777778°E | |||
| Wikimedia Commons: Meskheti Range | |||
Meskheti (Meskh/Meskhet, Adzjar-Imereti, Adzjar-Akhaltsikh) er ei fjellkjede som er ein del av Litle Kaukasus sørvest i Georgia.

Ho har ei lengd på 150 km og det høgaste punktet er Mepistskharo med ei høgd på 2 850 meter over havet. Meskheti er kjend for å få mykje nedbør. Området rundt Mtirala (i Adsjaria) var det våtaste området i Sovjetunionen og det våtaste i Kaukasus med ein årleg nedbørsnormal på om lag 4 500 mm.
Fjellsidene av Meskheti er hovudsakleg dekte av lauvskog (eik, kastanje, lønnetre, agnbøk og bøk) frå 1 200-1 800 meter. Dei høgaste områda er dekte av subalpine og alpine enger.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Meskheti Range» frå Wikipedia på engelsk, den 28. mai 2007.
