Mesterdetektiven Blomkvist

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Mesterdetektiven Blomkvist
Forfattar(ar)Astrid Lindgren
Språksvensk
Utgjeven1946
ForlagRabén & Sjögren

Mesterdetektiven Blomkvist er ei barnebok av Astrid Lindgren som fyrst kom ut i 1946. Boka handlar om ein gut som heiter Kalle Blomkvist, og som saman med dei to beste vennene sine hjelper politiet med å løysa ei kriminalgåte. Seinare skreiv Lindgren to bøker til om Kalle og vennene hans. Per 2002 hadde dei tre bøkene om Kalle Blomkvist til saman blitt omsette til 32 språk.

Handling[endre | endre wikiteksten]

Handlinga går føre seg i den fiktive småbyen Lillköping. Det er sommarferie, og dei tre trettenåringane Kalle, Eva-Lotta og Endre (på originalspråket heiter han Anders) kjedar seg. Dei tre vennene kallar seg for Den hvite rose (svensk Vita Rosen), og dei har over lengre tid hatt ein dyst gåande med dei jamaldra gutane Sixten, Benka og Jonte, som kallar seg Den røde rosen (svensk Röda Rosen). Den hvite rosen og Den røde rosen kivast om å erobra ein spesiell stein frå kvarandre, men for tida er steinen hjå Den røde rosen, og Den hvite rosen klarer ikkje å koma nokon veg med å finna ut korleis dei skal få steinen tilbake.

Ein dag dukkar onkel Einar opp; han er ein fetter av mor til Eva-Lotta. Onkel Einar tar med seg dei tre vennene opp til ruinen som ligg på ei høgde utanfor byen, og der dirkar han opp døra til kjellaren. Seinare same dag tar han dei tre barna med på konditori, men dei merkar at han eigentleg berre er interessert i kva som står i kveldsavisa under overskrifta Siste nytt. Kalle sørger for å sikra seg avisa i det dei forlèt konditoriet. Etterpå går onkel Einar til jernvarehandelen og kjøpar ei lommelykt, sjølv om det er midt på sommaren med lyse sommarnetter.

Kalle får det for seg at det er noko mystisk med Einar, og bestemmer seg for å overvaka han. Einar ber han om å springa på postkontoret med eit brev for han, og det gjer Kalle gjerne; han nyttar sjansen til å notera seg namnet på adressaten i notisblokka han alltid ber med seg. Så ei natt vaknar Kalle og kikkar ut av vindauget, der han ser Einar klatra ut av vindauget frå soverommet hjå familien til Eva-Lotta og lista seg av stad.

For å ha noko å finna på blir dei tre vennene samde om å laga ei sirkusframsyning. Einar vil imponera dei med å gå på hendene, men då fell dirken ut av lomma hans, og Kalle klarer å få tak i han utan at Einar merkar noko. Seinare drar Kalle i all løyndom opp til ruinen, og klarer å koma seg inn i kjellaren. Han ser at nokon har vore der sidan Einar tok med han og vennene dit. På golvet i kjellaren finn Kalle ei perle.

Nokre dagar seinare overhøyrer Kalle at Einar beklagar seg overfor mor til Eva-Lotta om at han søv dårleg. Ho seier at ho skal skaffa han sovetablettar for å hjelpa han med søvnproblema. Same natt listar Kalle seg inn på rommet til Einar, og klarar å ta fingeravtrykk av han medan Einar søv. Men når han skal lista seg ut igjen, velter Kalle ei blomterpotte, og Einar vaknar av bråket. Han trekk fram ein pistol og siktar rett på Kalle, som er rådsnar og lèt som om han har gått i søvne. Det verkar som om Einar godtar forklaringa.

Neste dag har Kalle eit ærend på hotellet i byen. I resepsjonen står det to mystiske menn som freistar å få resepsjonisten til å fortelja om det bur ein gjest der som heiter Einar Lindeberg. Kalle skjønner at det er onkel Einar dei snakkar om, og noterer signalementet deira i notisboka si. Han skriv òg ned registreringsnummeret på bilen deira, og teiknar av mønsteret på bildekka. I gjesteboka på hotellet finn han dessutan namna deira: dei er oppførte som Artur Krok og Ivar Redig. Kalle bestemmer seg for å spana på dei. Han klatrar opp i eit lønnetre, og derfrå ser han at dei to mennene – som eigentleg heiter Tore og Ivar – til slutt finn onkel Einar. Av samtalen deira skjønner han at dei tre har stole noko, men at Einar deretter har stukke av med bytet. Kalle tar fram avisa som Einar studerte så ivrig på konditoriet, og finn ein artikkel om eit innbrot på Östermalm i Stockholm der det blei stole juvelar verd 100 000 kroner. Onkel Einar kom til Lillköping dagen etter dette innbrotet.

Kalle sender eit brev til kriminalpolitiet i Stockholm med fingeravtrykka til Einar. I tillegg fortel han Eva-Lotta og Endre at han har spana på både Einar og dei to andre mennene, og om kva mistankar han har. Han trur at Einar har gøymt byttet i den låste slottskjellaren, og tar med seg vennene dit. Og ganske riktig: i kjellaren grev dei fram eit metallskrin, og i skrinet ligg dei stolne juvelane.

Dagen etter er Einar sporlaust borte. Kalle, Eva-Lotta og Endre drar tilbake til slottsruinen for å sjå om skurkane framleis held på å leita etter skrinet der. I slottskjellaren finn dei Einar, som er bunden på hender og føter. Endre skal akkurat gå av stad for å henta politiet, då Krok og Redig dukkar opp. Dei tvingar barna til å fortelja kvar dei har gjort av skrinet. Så snart dei får høyra at skrinet er gøymt i hovudkvarteret til Den hvite rosen på bakeriloftet, stenger skurkane barna inne i slottskjellaren og drar sin veg.

Kalle finn lommelykta til Einar på golvet, men dei må likevel vera nokre timar i stummande mørke. Ingen veit at dei gått til slottsruinen, men til slutt oppdagar dei ein kjellargang som leiar ut i fridom. Dei skunder seg heim, der kriminalpolitiet frå Stockholm ventar på dei. Fingeravtrykket som Kalle sende til politiet med posten har vekt interessa deira, og dei tre ungdommane får sitja i baksetet på politibilen då kriminalbetjentane innleier ei biljakt på dei tre skurkane, som akkurat har forlate byen.

Etter ei skotveksling køyrer skurkane i grøfta, og blir deretter pågripne av politiet. Den takksame banksjefen, som no kan få tilbake juvelane som banden hadde stole frå han, betaler dei tre vennene ein dusør på 10 000 kroner.

Filmatiseringar[endre | endre wikiteksten]

Den fyrste filmen basert på denne boka hadde premiere allereie i 1947 Han var regissert av Rolf Husberg og hadde tittelen Mesterdetektiven Blomkvist.

I 1971 hadde ein tsjekkisk TV-film basert på boka premiere; han hadde tittelen Podezřelé prázdniny.[1] I 1976 blei det laga ein film i Litauen, som den gongen var innlemma i Sovjetunionen, med tittelen Prikljutsjenija Kalle-systsjika.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Podezřelé prázdniny (1971)» (på tsjekkisk). Henta 25. oktober 2021. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]