Vancouver

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Vancouver
Vancouver i 2005.
Vancouver i 2005.
Flagget til Vancouver
Flagget til Vancouver

Motto
«By Sea, Land and Air, We Prosper (Ved hav, land og luft har me framgang)»
Styresmakter
Land
Provins
Canada
Britisk Columbia
Grunnlagd om lag 1867
Borgarmeister Gregor Robertson
Geografi
Flatevidd
 - By

114,67 km²
Innbyggjarar
 - By (2006)
   - folketettleik

578,041
  5335/km²
Koordinatar 50°7′15″N 122°57′16″WKoordinatar: 50°7′15″N 122°57′16″W
Høgd over havet 76 m
Tidssone
- Ved sommartid
EST (UTC-5)
EDT (UTC-4)
Diverse anna
Postnummer M
Telefon-retningsnummer 416 og 647
Heimeside: http://www.vancouver.ca
Marine Building blei ferdig i oktober 1930, og var då med sine 97,8 meter den høgaste profane bygning i det britiske imperiet utanfor England. Under verdskrisa i 1930-åra blei bygget selt til den irske Guinness-familien.
Satellittfoto av Vancouver på vestre og sentrale delar av Burrardhalvøya, med bukta Burrard Inlet i nord og munningsdeltaet til den 1 375 km lange elva Fraser i sør.
Nedre løp av elva Fraser sett frå vest mot aust, med forstaden New Westminster til venstre og den sørlege forstaden Surrey til høgre.
På Burrard Street bygde British Columbia Electric (BC Hudro) dette hovudkvarteret i 1957, men det blei omgjort til bustadkompleks i 1988.

Vancouver er ein by ved Stillehavskysten i provinsen Britisk Columbia i det sørvestlege Canada. Den hadde 578 041 innbyggjarar i 2006 og er den største av dei vestlege canadiske byane. Vancouver er ein del av regionen Metro Vancouver som hadde 2 116 581 innbyggjarar i 2006.[1]

Vancouver er det tredje største storbyområdet i Canada og det økonomiske og kulturelle senteret for den vestlege delen av Canada. Byen har ein svært samansett befolkning og er mellom anna kjend for sin Chinatown, som er den største i Canada og den nest største i Nord-Amerika. Den store delen innvandrarar er i det alt vesentlege innvandra frå Asia. Det finst også ganske mange menneske med skandinaviske røter i byen.

Byen blei oppkalla etter den britiske kapteinen George Vancouver som var på oppdagingsreise i området der i 1792. Frå 1867 blei det etablert store sagbruk i området Gatown, og i 1886 fekk staden byprivilegium. Då ein transkontinental jernbane knytte Vancouver til Vest-Canada året etter, fekk den naturlege hamna i byen stor betydning for handelen med Asia. Hamna er i dag den travlaste i Canada og og nummer fire blant hamnene i Nord-Amerika målt etter godsmengde. I dag er handel, treforedling, turisme, underhaldningsindustri og høgteknologi viktige næringsvegar.

Vancouver var vertsby for Dei olympiske vinterleikane 2010, saman med Whistler som ligg 125 km lenger nord.

Natur og klima[endre | endre wikiteksten]

Vancouver ligg på den sedimentært avsette Burrardhalvøya i det nedre låglandet til British Columbia, like over grensa frå Washington i USA. Byen har vakse ut over dei vestre og sentrale delane av halvøya, som blir avgrensa av bukta Burrard Inlet i nord og munningsdeltaet til den 1 375 km lange elva Fraser i sør. Denne elva har avsett det nedre låglandet i delstaten, og er den største i British Columbia, med eit nedslagsfelt på 220 000 km². Elva gir grunnlag for jordbruk, papir- og treforedlingsindustri, samt noko vasskraft. I vest ligg Georgiastredet som er byen sitt utløp til havet, medan Vancouver Island lenger vest skjermar området frå sjølve Stillehavet.

Sjølve storbyområdet strekkjer seg over 2 878 km², medan Vancouver kommune berre utgjer sentrumsområda på Burrardhalvøya med 114,7 km². Byen har ein av dei største byparkane i Nord-Amerika, Stanley park, på heile 404,9 hektar. Rett nord for byen, på nordbreidda av Burrard Inlet, startar fjordlandskapet der Rocky Mountains strekkjer seg heilt ned til kysten, med namnet North Shore Mountains. Denne fjellkjeda strekkjer seg vidare oppover heile vestkysten av Canada og avgrensar både Vancouver sin vekst nordover og høvet til å danne storbyer på vestkysten.

Opphavleg hadde Vancouverområdet skog med store barskogar , lønn og alm. Typiske artar har vore douglasgran, kjempetuja og vestamerikansk hemlokk. Enorme bartre blei hogne ut tidleg, til dømes blei noverande Stanley park uthoggen i dei to første tiåra etter grunnlegginga av kommunen i 1866. Mange innførte tre veks i Vancouver, mellom anna palmar, skjelgran, magnolia og rhododendron. Mange gater er kransa av det japanske kirsebærtreet Sakura eller av hestekastanje.

Byen har eit mildt kystklima, som kan samanliknast med det som ein finn på vestkysten av Noreg. Somrane er meir prega av tørke enn det vi opplever i Noreg, særleg i juli og august. Elles er året regnfullt, ikkje minst i perioden oktober-mars. Vintrane er milde med relativt mykje nedbør. Middels årsnedbør er 1 200 mm ved Vancouver lufthamn, men topografien gir store forskjellar i nedbørsmengde i storbyområdet. Temperaturane spenner i gjennomsnitt frå 22 °C dagtemperatur i juli-august (inntil 30 °C) til 6,1 °C dagtemperatur i desember-januar.

Det hender at snøen legg seg i byen, men i eit vanleg år er det berre elleve dagar med snøfall, og gjennomsnittsåret har 48,2 cm samla snøfall. Vintrane er milde samanlikna med Canada elles, det er frost i 46 dagar per år, men berre 4-5 dagar med frost heile døgnet.

Byplan og byutvikling[endre | endre wikiteksten]

Med 5 335 innbyggjarar per km² er Vancouver eit tettbygd byområde. Havet i vest og North Shore Mountains i nord avgrensar den naturlege utbreiinga til byen, og fleire menneske bor urbant i sentrumsnære område enn kva som er tilfelle i mange andre nordamerikanske byar. På 1950-talet oppmuntra planstyresmaktene i byen til bygging av høghus og utvikling av forlatne industritomter, noko som blei kompensert med prioritering av større park- og grøntområde. Midt på 1980-talet blei Coal Harbour bygd ut til bustad- og forretningsområde, slik det også skjedde med forlatne hamneområde i mange europeiske byar på denne tida. I nyare tid har omgrepet ecodensity vore i bruk om byutviklinga - eit urbant liv med kulturelle gode saman med økologisk gunstig korttransport. Likevel er kollektivtransport relativt lite brukt, og for forstadsbuarane er bilen det dominerande framkomstmiddelet.

I sentrum har det blitt eksperimentert med moderne og modernistisk arkitektur , mellom anna rundt Vancouver Art Gallery, Harbour Centre, Vancouver Law Courts, Robson Square og Vancouver Library Square. I førre hundreåret blei det røyst høghus som Carter-Cotton Building, Dominion Building i 1907 (53 meter), Sun Tower i 1911 (82 meter), og ikkje minst Marine Building i 1930 (98 meter). Dei to sistnemnde var i tur og orden høgaste profane bygning i det britiske imperiet utanom England, og Marine Building var tydeleg inspirert av skyskraparbygginga i New York.

Det moderne, tidlegare hovudkvarteret til kraftselskapet BC Hydro er i nyare tid omgjort til bustadkomplekset Electra. På Canada Place ligg det telt-forma utstillingsområdet Vancouver Convention & Exhibition centre nede ved sjøen, med moderne forretningslokale og verdas første permanente IMAX-3D-kino. Utstillingssenteret blei bygd ferdig til verdsutstillinga Expo 86 som Vancouver var vertsby for, med hovudutstillingsområde på nordsida av False Creek. To monumentale bygg som pregar sentrumsbildet er rådhuset (1936) og Vancouver Hospital (1958).

Transport og næringsliv[endre | endre wikiteksten]

Canada Place med sitt karakteristiske telt-forma utstillingsområde.

I Vancouver har ei rekkje store selskap sine hovudkontor, og byen er sete for børsen i British Columbia. Viktige næringar er høgteknologi og telekommunikasjon, hamneverksemd, kraftproduksjon, gruver og skogsindustri, filmproduksjon og fiske. Saman med den amerikanske nabobyen Seattle utgjer Vancouver eit økonomisk tyngdepunkt på Stillehavskysten med betydeleg intern handel, og stor eksport. Vancouver har den største hamna i Canada og handlar med 130 land verda over. Byen er transitthamn for dei rike ressursane i det vestlege Canada og for varer som kjem med jernbane og per motorveg austfrå. Hamneverksemda står for ein omsetnad på 22 milliardar CA$ og bidreg med 10,5 milliardar CA$ til BNP. [2] Richmond internasjonale lufthamn er den viktigaste flyplassen i det vestlege Canada.

Dei sysselsette brukar i svært stor grad bil til og frå arbeidsstaden, og det er få som brukar kollektivtrafikk: I 2006 var fordelinga 745 000 mot 165 000 sysselsette som brukte høvesvis bil og kollektivtrafikk til arbeid. [3] Metrosystemet SkyTrain er ei tre-liners svevebaneløysing med om lag 210 000 passasjerar dagleg.

Inntektsnivået i byen er truleg høgare enn i delstaten som heilskap, med ei median inntekt på 55 231 CA$ i 2005, mot 52 709 for delstaten som heile. Det er særleg familiar utan barn som har klart høgare inntekt enn delstatsnivået. [4] Derimot er det ein noko større del som er i lågtinntektsarbeid i Vancouver enn i delstaten elles, om lag kvar femte arbeidstakar er lågtløna i storbyområdet. [5]

I oppgangsåret 2006 var arbeidsløysa relativt låg - 5,6% - og yrkesdeltakinga var 66,8%. Svært mange arbeider i tenestenæringane. I alt arbeidde då 837 245 menneske (73%) med privat tenesteyting, og 161 295 (14%) i offentleg tenesteyting. Industri og andre sekundærnæringar sysselsette berre 108 290 (11,4%). Av desse var det berre drygt 40 000 som arbeidde i tradisjonell industri og kraftforsyning. Reknar ein saman bygge- og industriverksemd sysselsette på den andre sida desse bransjane heile 170 000 arbeidstakarar. [6]

Det attraktive klimaet og fjordlandskapet, kombinert med store natur- og fjellområde like ved byen, gjer den attraktiv for turisme og cruiseverksemd. Vancouver var i 1986 vert for verdsutstillinga Expo 86. I februar 2010 var Vancouver vertstby for Vinter-OL.

Befolkning og språk[endre | endre wikiteksten]

Etnisk samansetting av befolkninga, Canada Census 2006.

Storbyområdet Vancouver er med 2,1 millionar innbyggjarar drygt halvparten av British Columbia sitt folketal på 4,1 millionar. Befolkninga i storbyområdet er litt yngre enn i provinsen. Dette kjem av at det særleg er fleire studentar og småbarnsforeldre i storbyområdet enn utanfor. Det er rimeleg å tru at posisjonen som studie- og høgteknologiby som ei forklåring på dette. [7]

Engelsk er det største morsmålet med 1,19 millionar brukarar i 2006, medan 880 440 innbyggjarar hadde morsmål, og 27  000 hadde anten fransk eller fransk og engelsk som morsmål. Om lag 275 000 innbyggjarar beherska ikkje engelsk i 2006, og av dei ikkje-engelskspråklege familiane snakka svært få noko engelsk heime. Svært mange av den vaksne befolkninga i byen - heile 47,2% - er første generasjons innvandrarar. Av innvandrarbefolkninga på 831.265 personar hadde 388.740 kome allereie før 1991, medan 151 690 hadde kome mellom 2000 og 2006.

Nesten heile innvandringa til British Columbia skjer til storbyområdet Vancouver. Svært mange av innvandrarane er canadiske statsborgarar, i 2006 var i alt 238 145 ikkje-canadiske borgarar. I Vancouver er det relativt sett langt færre av opphavleg indiansk avstamming, enn i delstaten som heilskap. [8] Av innvandrarbefolkninga er kinesiske innvandrarar den største gruppa med 381 537, eller nesten halvparten av alle innvandrarar. Det var spesielt populært blant velståande Hong Kong-kinesarar å få statsborgarskap i Canada i samband med at Kina tok over den tidlegare britiske kolonien i 2007. Gruppa av sør- og søraustasiatar utgjorde 240 640, og i alt var berre om lag 46 300 eller 5,3% ikkje-asiatiske innvandrarar av innvandrarbefolkninga på 875 300 menneske. Det er store grupper av filippinarar, japanarar, koreanarar og andre asiatiske innvandrarmiljø. [9]

Kultur og utdanning[endre | endre wikiteksten]

Vancouver har også ein stor filmindustri og mange kanadiske og amerikanske tv-seriar blir produsert har, som til dømes The L Word. På grunn av canadiske skattereglar, er det billegare å produsere filmar der enn i Hollywood. Filmar som X-men, X-men 2 og X-men 3, og TV-seriane The X-Files, Stargate SG-1 og Stargate Atlantis, og mange andre er skapt i Vancouver.

Byen har to universitet, University of British Columbia og Simon Fraser University. I 2006 hadde om lag 432 000 innbyggjarar universitetsutdanning, og dette utgjorde 2/3 av heile den høgt utdanna befolkninga i British Columbia. Av befolkninga i alderen 21-34 år hadde meir enn ein tredjedel universitetsutdanning, og 183 408 eller 63,5% av alle i denne aldersgruppa hadde utdanning på høgskulenivå (college) eller høgare. Totalt hadde om lag 300 000 av befolkninga i byen teke den høgare utdanninga si utanfor Canada. [10]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Statistisc Canada - Vancouver, British Columbia.
  2. Vancouver Port Authority - «Facts & Stats».
  3. Statistics Canada - Vancouver, British Columbia. «Mode of transportation to work».
  4. Statistics Canada - Vancouver, British Columbia. Merk at dette er tal for median-inntekta per innbyggjar, forskjellane mellom gjennomsnittleg inntekt kan vere annleis dersom inntektsfordelinga (Gini-koeffisienten) er ulik mellom Vancouver og delstaten. Merk også at delstatstala også inkluderer Vancouver, slik at forskjellane er større i røynda enn det som kan synest å gå fram av tala.
  5. Statistics Canada - Vancouver, British Columbia. «Income in 2005», heilt nedst på sida.
  6. Statistics Canada - Vancouver, British Columbia. Sjå: «Labor force activity» og «Occupation». I sistnemnde gruppe reknar ein privat tenesteyting som A-B-F-G-H, offentleg tenesteyting som D-E, medan industri mv utgjer gruppene C-J. Sjå også: «Industry»
  7. Statistics Canada - Vancouver, British Columbia. Vi ser ein klar overrepresentasjon av gruppa 15-54 år, medan gruppa over 54 år er underrepresentert i storbyområdet.
  8. Statistics Canada - Vancouver, British Columbia, sjå: «Language spoken most often at home», «Citizenship», «Generation status» og «Aboriginal population».
  9. Statistics Canada - Vancouver, British Columbia, sjå: «Visible minority population characteristics».
  10. Statistics Canada - Vancouver, British Columbia, sjå: «Educational attainment» og «Location of study».