Hopp til innhald

Metrostasjonen Porte Dauphine

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Metronedgangen med Hector Guimards art nouveau-utforming.
Stasjonen.

Porte Dauphine er ein stasjon på metroen i Paris, og er endestasjon på linje 2.

Stasjonen opna 13. desember 1900. På det tidspunktet hadde linjenetet for linje 2 ikkje kome lenger enn til Charles de Gaulle - Étoile.

Inngangspartiet er formgitt av Hector Guimard (18671942), som hadde fått i oppdrag av Compagnie de Métropolitain de Paris (CMP) i 1899 å formgi inngangspartia for alle stasjonane på metronettet. Av desse er Porte Dauphine éin av berre to som framleis eksisterer (den andre er ved Abbesses).