Metrostasjonen Charles de Gaulle - Étoile

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Metrostasjonen, linje 2.
RER-stasjonen.

Charles de Gaulle - Étoile er ein stasjon på både metroen i Paris og på forstadsbanen RER, linje A, gjennom Paris.

Stasjonen ligg på grensa mellom arrondissementa VIIIe og XVIIe. I byrjinga var han kalla Étoile etter Place de l’Étoile. No er stasjonen namnsett etter både Place de l’Étoile og tidlegare president Charles de Gaulle, ettersom Place de l’Étoile fekk namnet Place Charles-de-Gaulle stutt tid etter at de Gaulle døydde.

Plattformene er bygd under Place Charles-de-Gaulle (Place de l'Étoile), som ligg der Avenue des Champs-Élysées og fleire andre avenyar møtast og Triumfbogen står. Metrostasjonen opna i 1900, RER-stasjonen, som ligg 30 meter under metroen, opna i 1970.

Metrostasjonen har trafikk frå linje 1, linje 2 og linje 6.


Spire Denne transportartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.