Michel Kafando
Michel Kafando | |
![]() | |
Fødd | 18. august 1942 (80 år) Ouagadougou |
---|---|
Statsborgar av | Burkina Faso |
Parti | partilaus |
Yrke | politikar, diplomat |
Utdanna ved | Sciences Po Université de Bordeaux |
Michel Kafando (fødd 18. august 1942) er overganspresident i Burkina Faso sidan november 2014.[1] Han er ein tidlegare diplomat og minister som var SN-ambassadør for frå 1998 til 2011 og utanriksminister for Øvre Volta (dagens Burkina Faso) frå 1982 til 1983.[2]
Etter at president Blaise Compaoré gjekk av som følgje av massedemonstrasjonar 31. oktober 2014 blei Kafando vald til overganspresident i eit år fram til presidentvalet. Han blei teken i eid 18. november 2014.
Kafando er fødd i Ouagadougou. Han har ein bachelorgrad i juss frå Universitetet i Bordeaux frå 1969, eit diplom i statsvitskap frå Paris og eit frå Institut de hautes études internationales et du développement (IHEID) i Génève, begge frå 1972. I 1990 tok han doktorgrad i statsvitskap ved Sorbonne. Han er gift og har eit barn.[2]
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- ↑ «Michel Kafando, Président de la Transition», Burkina24, 17 November 2014.
- ↑ 2,0 2,1 «New Permanent Representative of Burkina Faso presents credentials», UN Press Release BIO/3152, 15. april 1998.
- Denne artikkelen bygger på «Michel Kafando» frå Wikipedia på engelsk, den 8. desember 2014.
Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]
- Biografi[daud lenkje] ved africandatabase.org
- Biografi ved Scienceblog