Universitetet i Paris

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Sorbonne)
Hopp til navigering Hopp til søk
Universitetet i Paris
Coat of arms of the University of Paris.svg
Grunnlagt1253
St. Ursula-kapellet.
Lesesalen Saint-Jacques i universitetsbiblioteket.
Det store auditoriet.

Universitetet i Paris, kalla Sorbonne etter bygningen der det opphavleg heldt til, var eit universitet i Paris, liggjande på høgda Montagne Sainte-Geneviève. Det vart grunnlagt i 1253.

Omorganisering i 1970–71 skapte 13 ulike universitet, der tre vidareførte Sorbonne-namnet:

  • Université Panthéon-Sorbonne (Université Paris I),
  • Université Sorbonne-Nouvelle (Université Paris III) og
  • Université Paris-Sorbonne (Université Paris IV).

To av universiteta, Université Paris-Sorbonne og Université Pierre-eit-Marie-Curie (Université Paris VI), er frå 1. januar 2018 gått saman til Sorbonne Université.[1]

Det finst òg alliansar og grupper av lærestader og institusjonar, slik som Université Sorbonne-Paris-Cité, Sorbonne Universités og Hautes Écoles Sorbonne Arts et Métiers université.

Paris-universitetet i mellomalderen[endre | endre wikiteksten]

Som andre av dei eldste universiteta i Europa er Paris-universitetet aldri vorte grunnlagt ved ein kongeleg forordning eller pavebulle, men har grodd fram som eit selskap av lærde omkring Notre-Dame, på same vis som til kjøpmanns- og handverkarlauga. Det var i mellomalderen kjent som Universitas magistrorum et scholarium, dvs. skulelauget.

Universitetet, som saman med universitetet i Bologna vart eit mønster for alle seinare universitet i mellomalderen, hadde fire fakultet: kunst, medisin, jus og teologi. Studentane vart delt i fire nasjonar etter språk og opphavsland; Frankrike, Normandie, Picardie og England. Den engelske nasjonen omfatta òg studentar frå Tyskland, Skandinavia og Aust-Europa. Paris-universitetet vart snart det fremste lærdomssetet i Europa, og i det 13. århundret hadde Paris 20 000 utanlandske studentar. Området rundt universitetet vart etter kvart heitande Quartier latinLatinarkvarteret – etter språket som brukt av studentane og dei lærde.

Nyare tid[endre | endre wikiteksten]

Under den tyske okkupasjonen 1940-1944 vart universitetet stengt for første gong i historia. Det skjedde igjen under studentopptøyene i 1968. Den 3. maien 1968 braut det ut opptøyer inne på universitetsområdet etter at politiet hadde freista å stenga eit politisk møte. Fakultetbygningane vart okkupert av studentane, og Sorbonne vart kommandosentral for opprøret som snart spreidde seg til Paris' gater og til fabrikkar over heile byen. 16. juni storma politiet universitetet og gjorde slutt på Paris-våren.

Som et direkte resultat av opprøret kom nyorganiseringa av Paris-universitetet. I dag er Paris-Sorbonne et universitet hovedsakelig for humaniora og samfunnsvitenskap.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Décret n° 2017-596 du 21 avril 2017 portant création de l'université Sorbonne Université, Journal officiel de la République française, nr. 0096, 23. april 2017.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]