Midtbø i Vinje

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Midtbø

Midtbø er ein gard rett utanfor Åmot i Vinje kommune, Telemark. Forfattarane Halldis (1907-1995) og Tarjei Vesaas (1897-1970) budde her frå 1934.

Garden, som ligg 5-6 km frå barndomsheimen Vesås, var odelsgarden til farmora til Tarjei. Farbror hans, Øystein Vesaas, åtte garden, men kom i gjeldsknipe, og selde til Tarjei i 1930. Tarjei Vesaas busette seg på garden etter at han gifta seg i 1934.

Huset og livet der er skildra i Halldis Moren Vesaas' to bøker med livsminne: I Midtbøs bakkar (1974) og Båten om dagen (1976), i somme andre artiklar av henne om ektemannen - som «Tarjei Vesaas i kvardagslaget» (1967), og i Tarjei Vesaas sitt sjølvbiografiske foredrag «Om skrivaren» (1959). Det står òg mykje om dagleglivet der i dei to biografiane Olav Vesaas' har skrive om foreldra sine. Einskilddikt av begge forfattarne skildrar òg livet i heimen, på garden eller i landskapet. Av han kan nemnast dikt som «I Midtbøs bakkar» og «Morgon på Vinjevatnet», og romanane Det store spelet (1934) og Kvinnor ropar heim (1935) kan òg lesast i lys av familiens livsløp, sjølv om der er få konkrete, stadbundne referanser i verka.

Midtbø er framleis i familiens eige, og er ikkje ope for publikum.

Litteratur og andre kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Hilde Diesen. Dikterhus. Tell forlag, 1994 (bokhylla.no - fulltekst)
  • Olav Vesaas. Løynde land, ei bok om Tarjei Vesaas. Cappelen, 1995
  • Olav Vesaas (red.) Tarjei Vesaas om seg sjølv. Bokklubben, 1985